Kontonummeret til flygel i Ørsta kyrkje og vedlikehald av det er:
3992.05.39673

Kontonummer til nytt orgel i Vartdal kyrkje:
3994.04.32190

Andre kontonummer:

Hjørundfjord sokneråd:
3993.04.00673
Storfjorden sokneråd:
3993.04.00681
Vartdal sokneråd:
3994.04.00787
Ørsta sokneråd:
3992.04.04654
Ørsta kyrkjelege fellesråd:
3992.04.17752

Gjer vel å øyremerke eventuelle pengegåver.





Kyrkjelydane i Ørsta

Velkomen til kyrkjene i Ørsta - på nett

Ørsta kyrkje, Vartdal kyrkje, Hjørundfjord kyrkje og Bjørke kyrkje.

.........................................................................................................................................................

Aktuelt no!

Artiklar frå livet i og rundt kyrkjene





 

Stor kulturkveld i Ørsta kyrkje

Bilde: Ervingen, eit av kora på kulturkvelden.

Dei tre ”gamle-kommunane” i musikalsk samklang!

Komande fredag, 17.februar, inviterer flygelnemnda nok ein gong til ei musikalsk godstund i Ørsta kyrkje, denne gongen med songarar og musikarar frå både Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta. Vi gler oss til denne musikalske dugnaden og vonar at også publikum vil gjenspegle denne heller sjeldne musikalske opplevinga.

 
 

Den sårmerkte kjærleiken

Komande søndag er det fastelavenssøndag.
Det er gudsteneste i Vartdal kyrkje klokka 11:00, og på Hjørundfjord sjukeheim klokka 16:00 denne søndagen.


 

Konfirmantleir!

Vinterferie betyr konfirmantleir. Slik har det vore i Ørsta sidan 2007, og dei siste 4 åra har me vore på Sunnmøre Folkehøgskule (SUFH) i Ulsteinvik. Dei tek gjerne imot oss, men har ikkje plass til alle på ein gong, derfor deler me konfirmantflokken i to. Første pulje er på leir frå i dag, laurdag, til måndag, andre pulje kjem på måndag og skal vere på leir til onsdag.


 
 

Snart konfirmantleir!

Det er snart tid for konfirmantleir, og me håper alle gler seg. Å vere på leir er ein unik sjanse til å verte kjend med andre i nye omgivnader, til å lære gjennom nye utfordringar, leike, le og synge, oppdage nye sider ved seg sjølv og andre og ved Gud. Me som skal vere leiarar, har arbeidd i lang tid med å førebu årets konfirmantleir for at den skal bli så bra som råd. Me ønskjer at kvar enkelt konfirmant skal få med seg gode opplevingar, gode minne, og noko som betyr noko for heile livet.

Biletet: Me tek av oss sko i gangen, her frå leiren i fjor på SUFH. :-)
 

Familiegudsteneste i Hjørundfjord kyrkje

Søndag var det familiegudsteneste med fleire unge innslag. Konfirmantane Jørgen Mo og Stian Berg var aktive med bøn for dagen, tekstlesing, forbøn og bøn og takka for offeret, som denne dagen gjekk til Det Norske Bibelselskap. 5.- klassingar fikk sin eigen Bibel med kyrkjelyden denne dagen!
 

Bok til 1.klasse

Skrifthuset forlag på Nordmøre har laga ei ny, flott bok som passar for born som er i ferd med å lære seg å lese og skrive. Ørsta og Vartdal sokneråd har kjøpt inn over 100 eksemplar av denne boka, og vil gi den i gåve til alle som går i første klasse.

 


Kontakt med webansvarleg her


Nettstaden vår er tett knytt til truopplæringsprosjektet i Ørsta iKyrkja.no. Dette starta for alvor 1/8 2007. Ei viss utvikling vidare av nettstaden er viktig for oss og noko me held på med jamt. Tilbakemelding er me gla for, og du kan gi oss det ved å gå inn på sida "hjelp oss", eller kontakte oss på telefon 700 48648 eller e-post.


..................................

Adresse:

Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640
Faks: 70048641

Meir opplysningar finn
de i venstremargen:
*kyrkjekontoret

*kontakt oss

E-post til kontoret

..................................