Personvern

Personopplysninger

 

Endeleg vert det julekonsert igjen.
Sundag 18 desember kl 20:00 i Vartdal kyrkje er Venche Vartdal Leite klar for å dele eit variert repertoar med dykk, og har i år som tidlegare valgt å framføre både julesongar, salmar, viser og popmusikk. 

Eg har sjølvsagt tatt med eigenkomponert musikk også.
Musikarar i år er: Hans Robert Bondhus på gitar og Geir Helge Ådneram på piano.
To dyktige karar som har spelt og spelar med ulike lokale artistar og band. 
Dei vert med og set sitt preg på konserten.
Levi-André Leite vil gi ei god lydoppleving og skape stemning med flott lyssetting.
Vi byr inn til ei hyggjestund i den vakre kyrkja vår. 
Ein slik kveld kan gi rom for samhold, ro og ettertanke.
Konserten og repertoaret har og eit budskap "Med Håp Om Fred".

Velkomne skal de vere.

Klem frå Venche