Personvern

Personopplysninger

 

Den lydige sonen!

Kulturforskjellar kan opplevast som eit sjokkI våre dagar er det mykje snakk om korleis vi skal oppdra barna våreKorleis vi skal leve fredeleg saman med våre naboar. Kva er rett og kva er feil.

Eg vaks opp i ein Afrikansk kultur der foreldra hadde absolutt rett, i nesten alt. Ein skulle ikkje motseie dei eldre i familien eller i samfunnet, men heller lære av dei for å bli gode samfunnsborgarar og ta vare på kulturarven.

Jesus er Guds son. Han visste korleis og kor mykje Gud elska alt det han har skapt i denne verda. For Jesus var det inga overrasking at Gud sende han til verda. Gud viser oss at å gi,det er å elska! Han gav oss den beste gåve han hadde for å frigjere oss frå syndene våre. Ingen fridom utan kostnad! Vårfridom frå syndene kosta Jesu blod. For ein lydig son!

Men var det fordi Jesus var lydig eller var det fordi Gud elskaoss? Eg trur at det var begge deler! Han viste oss korleis vi i praksis kan uttrykke kjærleik. Som proklamert i Rom. 5:8: "Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar."

Å tru på Jesus Kristus er eit dagleg val om å vie våre liv til ham, og søke hans rike i staden for å framheva oss sjølve. Å tru på Jesus betyr å stole på han og å ha eit forhold til Gud som fører til sterk tru. Gjennom trua kan vi finne fred, trøyst og håp. Vi kan klamre oss til dette løftet når livet er vanskeleg, når tvilen melder seg eller når vi lurer på om nokon bryr seg.

Det sterkaste uttrykket for Guds kjærleik er formidla til oss i Johannes 3:16: "For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå tapt, men ha evig liv." Vi kan sjå frå bibelversa at det er Guds største ønske at vi følger han til hans evige himmelske heim. Han har gjort det mogleg for oss ved å betale prisen for våre synder. Han elska oss fordi han valde å sjå dette som eihandling for hans vilje. Kjærleik tilgir!

La oss sjå korleis Bibelen beskriver kjærleiken; trua på Gud er viktig for sann kjærleik: "Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig, misunner ikkje, skryter ikkje, er ikkje hovmodig. Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige, er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde. Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. Kjærleiken tek aldri slutt.” (1. Kor 13:4-8a).

Betty Søvik, Diakon


Johannes 3,16–21:16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå tapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle dømma verda, men for at verda skulle bli frelst ved han. 18 Den som trur på han, blir ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd fordi han ikkje har trudd på namnet til Guds einborne Son. 19 Og dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret