Personvern

Personopplysninger

 

 Ørsta Kyrkjekor

Ørsta Kyrkjekor

Øver kvar onsdag kl. 19 - 21 i Ørsta kyrkje

Dirigent: Marie Mundal Austrheim Riise
, kantor i kyrkjene i Ørsta

Me vil gjerne ha fleire songarar i koret. Ledige plassar i alle korstemmene.

Vil du vere med? Ta kontakt med dirigent på kyrkjekontoret, 70048640, eller kom på ei øving i Ørsta kyrkje og sjå om det kan vere noko for deg!


Bilete: Her dirigerer tidlegare dirigent Roar Goksøyr Lillebø Ørsta kyrkjekor i Ørsta kyrkje.

Likar du kor?


I Ørsta kyrkjelyd er det mange som er glade for at me har eit godt og aktivt kyrkjekor. Roar Goksøyr Lillebø var tidlegare kantor i Ørsta kyrkje og starta opp Ørsta kyrkjekor.

Kyrkjekoret er med og ”lyfter” songen ved mange gudstenester gjennom kyrkjeåret. Koret har også hatt suksess med konsertar av og til, no seinast i samband med jubileumsturen til Tyskland i juni-08.

Ver med og syng

Har du lyst til å vere med, er du hjarteleg velkomen på øving onsdagar mellom klokka 19 og 21 i Ørsta kyrkje. Nokre trur at ein må vere spesislt flink til å syngje for å vere med, men det stemmer ikkje. Dei som er med er heilt ”vanlege” folk som er glade i å vere saman og syngje. Kven som helst som likar å syngje kan vere med. Me har ”ein god tone” i koret, på fleire måtar. Stemninga på øvingane er fin, og songen blir dermed også god.


Repertoar

Repertoaret er variert innanfor sjangeren kyrkjemusikk. Me syng på fleire ulike språk, både klassisk kyrkjemusikk og salmar, men også nyare norsk musikk. Mellom anna har me hatt suksess med fleire nykomponerte verk til tekster av Jakob Sande.

Å vere med i kyrkjekoret er både ”eigenterapi” og eigenutvikling, samstundes som det er ei viktig teneste i kyrkjelyden, til glede for både deg sjølv og andre.

Me sjåast på onsdag!
Helsing frå Lisbeth Halse, tidlegare dirigent.


KyrkjekorAvis
.................................................................................................................................................................................................

Keltisk kveldsbøn

Onsdag 24.mai kl.20.00 i Ørsta kyrkje

Spr. Espen Aarseth, Ørsta kyrkjekor,
kantor Marie A.Riise og tekstlesarar.

Velkomen til eit pusterom i kvardagen med bøn, song og vakker kormusikk.

Ørsta kyrkjekor

→ Les mer

Vi synger på aldersheimen
Alders- og sjukeheimane i Ørsta brukar å få besøk av kor og musikkinnslag frå mange forskjellige kor i Ørsta. Sundag 22. november var det Ørsta kyrkjekor sin tur.

→ Les mer