Personvern

Personopplysninger

 

20 års jubileum for Volda og Ørsta Eingong Alltid gruppe. Forts.

20 års jubileum for Volda og Ørsta Eingong Alltid gruppe. Forts.
Wenche hadde attersyn.
Gruppa vart stifta 12. oktober i 1988 av 6 veteranspeidarar og speidarsekretær Kari Vatne.

Etterkvart vart fleire med. Vi fekk medlemer frå Hareid og frå Ålesund. Det var då den einaste Eingong Alltid-gruppa i Sunnmøre Krins.
Det har frå starten vore to samlingar i året, ei i Volda og ei i Ørsta.
Svanhild Bringsvor har vore ”primus motor” i mange år. Det var også ho som drog det i gong. Ho sytte for programmet på møta: songar, seremoniar, bordkonkurransar, ord for dagen m.m.

 

Leiar i gruppa, Bjørg Holmin, minte oss om at speidarsaka er verdsomspennande. Ho fortalde om Globalåret og viste ein globe laga av bretta papir av speidarar frå Japan. Dei var på besøk i Volda etter speidarleiren i Solør.



Ho viste oss og mange traner i farga papir som desse speidarane hadde laga.
Ho tok fram ei forteljing frå det som hende i Hiroshima om ei jente som overlevde katastofen. Denne jenta bretta traner av papir. Brettar du 1000 traner, skal du leve, fekk jenta høyre. Ho greidde 647, då døydde ho. Sidan har andre bretta traner og sendt til Hiroshima. Kvoten er fylt opp for lengst, og dei har måtta seie stopp med å ta mot fleire. Papirfuglane skal minne oss om at vi må stille opp for kvarandre. Dei symboliserer håp.
Speidararbeid er fredsarbeid. Vi bør arbeide meir aktivt mot atomvåpen, sa Bjørg Holmin.

Svanhild vart heidra og takka med blomster. Wenche overrekte buketten.
Svanhild hadde også ordet og fortalde frå Landtreffet for Eingong Alltid i Grimstad sist sommar.

Bordkonkurranse høyrer med i speidarmøte.               

Kva for ordtak er illustrert ?

Vi fekk alle med oss ei trane til minne om jubileet. Den skal minne oss om at vi er saman og at vi skal ha håp.

Neste gong vi skal samlast blir på Tenkjedagen, 22. februar. 

 Tekst og bilete: Bjørg Kragset