Personvern

Personopplysninger

 

EINGONG ALLTID HAUSTEN 2009

EINGONG ALLTID  HAUSTEN 2009
Tretten damer var samla til møte i Eingong Alltid i Olavsgt. Ørsta hos Jorunn Høydal tysdag den 20. oktober 2009.
Desse var der: Bjørg Holmin, Cecilie Torbjørnsen,  Jorunn Øvstebø, Synnøve Birkeland, Turid Leikanger, Bjørg Kragset, Svanhild Bringsvor, Asgerd Øvrebotten, Jorunn Høydal, Wencke Myklebust, Kari Anne Henjum, Elin Opsal og Hilde Opsal.


Leiar i gruppa Bjørg Holmin var møteleiar.

Ei av leiarane i Ørsta, Hilde Opsal, har vore i India på verdsspeidarsenteret Sangam i sommar. Ho fortalde veldig interessant og viste bilete derifrå.
Hilde og Kristianne Opsal reiste i lag med ei gruppe speidarar frå Sogn og Fjordane. Dei var først ei veke på leir på speidarsenteret og så ei veke på ein tur rundt i India. Turen var lagd opp av speidarsenteret.
Vidare hadde tre av medlemene våre, Svanhild Bringsvor, Asgerd Øvrebotten og Turid Leikanger, vore på sommartreff for Eingong Alltid på Sjusjøen ved Lillehammer. Dei fortalde om kor kjekt det hadde vore der.
Jorunn Høydal hadde opning og fortalde at storfamilien deira hadde vore i lag på ferie i Italia, og dei hadde m. a. besøkt Assisi. Ho fortalde litt om Frans av Assisi og las bøna hans.
Vi hadde som vanleg utlodning, og den heldige vinnaren var Turid.
Ørstingane hadde med litt mat kvar, og det resulterte i eit velfylt matbord.
Møtet starta klokka åtte, og det meinte fleire var litt for seint.

Neste møte vert i Volda i samband med Tenkjedagen laurdag den 20. februar.
Det blir føremiddagsmøte med frukost som vanleg og startar klokka 11.
Hos kven er ikkje bestemt.

21. oktober 2009

Bjørg Kragset

 

Bilete frå denne samlinga: