Personvern

Personopplysninger

 

Referat 20. mai 2010

Referat frå styremøte for Internasjonalt kvinnetreff Stad: Ørsta kyrkjekontor, Vikegata 5 Tid : 20. mai kl 19.30 Tilstades: Gerd, Kristen, Eli, Gudrun (ref.), Bjørg


Saker
Evaluering av siste halvåret
Det siste halvåret har vi hatt fokus på handarbeid på kveldane. Det var utfrå eit ynskje frå folk og utfrå at det kanskje kan føre til fleire kjem på kvinnetreffa. Oppmøte på kvinnetreffa har gått veldig opp og ned. Til tider har det vore fleire frå Volda enn Ørsta. Vårt primære mål er å nå kvinner i Ørsta. Sjølv om vi no har også hatt handarbeid dette halvåret ser vi at det ikkje har kome mange. Styret opplever ikkje at konseptet treffer målgruppa slik vi ynskjer. Styret vart einige om at konseptet vi har hatt til no ikkje fungerar og at samlingane vi har hatt på Røde Korshuset ikkje kjem til å fortsette i same form. Vi vedtok at siste møte på kvinnetreffet vert avlyst.
informerer om leksehjelpa
Etter samtale frå fleire kvinner som har vore med, har det vore eit sterkt ynskje om å få paktisere og snakke norsk med folk. Dei opplever at dei ikkje får nok praksis på skulen og få har kontakt med norske i fritida. Vi har då arbeida for å legge til rette eit treff der dette kan skje. Det ideelle er fast kvar veke i stadenfor ein gong i månaden. Styret vedtok å opprette eit ”treff” kvar torsdag ( sidan dei har kortare dag på skulen) i Vikegata 5, i 2. etg mellom kl 18-20. For å få til dette treng ein fleire frivillige. Det er no tilsaman 10 norsktalande kvinner, som har sagt seg villig til å vere med. Fordelt på 17 torsdagar frå hausten til jul , med ein norsk frivillig som er der kvar gang, vil det bli oppmøte 1-2 gongar kvart halvår. Styret meinte det var overkommeleg. Namnet ”leksehjelp” er eit lite dekkande namn. Mange knytar det opp til born. Dette her vil vere ein stad fyrst og fremst for voksne kvinner. Det kom opp namn som språkpraksis, norsktrening, men det trefte ikkje heilt. Gudrun skal lage ein enkel info om opplegget som vi kan gi til kvinnene. Ho og Eli vil reise til Hareid og Ørsta opplæringssenter så snart som råd. Det blir samankalla til nytt møte med resten av frivillige no på våren.
Flyktningeguide
Gudrun tok opp ordninga med flyktningeguide. Det er eit sterkt ynskje om å få til ei slik ordning i Ørsta. Flyktningekontoret vil ikkje påta seg meir enn å ”oppgi” personane som treng det. Arbeidet med å få folk til å vere flyktningar ligg derfor på oss. Styret bestemte seg for at i fyrste omgong skal ein konsentrere seg om den nye ordninga vi skal ha kvar torsdag inntil vidare, og sjå korleis dette kan utvikle seg.
Ny leiar til styret!
Deeva flytta dessverre og styret sto utan leiar. Under den korte tida ho var i styret og vi hadde leiar for styret vårt, såg ein kor viktig det var å ha ein leiar i styret som ein kan drøfte i lag med. Bjørg foreslo at Eli kan vere leiar. Eli sa ja til å vere leiar fram til jul.
Planlegging vidare
Sidan dei ordinære treffa no er avlyst, vil vi arbeide med det nye konseptet. Ein må få i stand rommet i 2 etasje og sette dette i stand til treffa startar den 26. august. Då skal det på plass te-kjøken, koppar og kar, kaffetraktar og ymse anna, samt kanskje ei mjukare sittegruppe enn møtestolar. Vi vil kome til å ha eit møte før sommaren til alle som har sagt dei ynskje å stille opp på torsdagane. Nytt møte blir tirsdag den 15. juni kl 19.30 på kyrkjekontoret i Vigegata 5. Sei ifrå viss du ikkje kan kome den dagen. Tema vert bl.a. organisering og fordeling av torsdagar oss imellom osv. Referent vil og nytte tida til oppsøkjande arbeid for å gi informasjon til så mange som mogleg i Ørsta.
Anna
Bjørg tok opp spørsmål om vedtekter på pengane vi fekk frå Gudny Fagerhol. Reglar som har med bruken av desse, kven som kan handle inn, og eit årsrekneskap over desse. Gudrun skal sjekke opp dette. Eli har vore i kontakt med Møre Nytt og journalisten Sverre Sten som er interessert i å ta på seg å intervjue menneske frå ulike kulturar. Dette har drygt litt og han har og hatt ferie. Men det ser ut til at vi får dei til å ta eit intervju med Shanti. Han ynskjer å ha ulike vinklingar på dei han intervjuar, både i høve vellukka integrering og dei som opplever dei slit med å kome inn det norske samfunnet. Det kom fleire forslag på andre som kanskje og kunne intervjuast. Men arbeidet må nok følgast litt opp. Har nokon av dykk idèar så tips han.