Personvern

Personopplysninger

 

Diakoniplan for Hjørundfjord

DIAKONIPLAN
for Hjørundfjord kyrkjelyd
2007 - 2008



Føreord
Kva er diakoni?
Toårsplan 2007 – 2008

Føreord

Kvart av dei fire sokneråda i Ørsta kommune, Ørsta-, Vartdal-, Hjørundfjord- og Storfjord kyrkjelyd, har ansvar for det lokale diakoniarbeidet i sitt eige sokn (kyrkjelova, 1996, § 9). Noko av dette ansvaret kan sokneråda delegere til andre organ, til dømes eit diakoniutval eller ulike komitear. Diakonen er tilsett som leiar av det diakonale arbeidet i kvart av dei fire sokna.

Diakoniplanen for kyrkjelydane i Ørsta kommune har grunnlag i ’Plan for diakoni i Den norske kyrkja’, som vart vedteken av Kyrkjemøtet i 1987, og med ”sideblikk” til den reviderte planen som er under arbeid i 2006.

Diakoniplanen for kyrkjelydane i Ørsta kommune er delt i to hovuddelar. Den første delen er av generell karakter og er felles for alle sokna. Her skriv diakonen eit føreord og ei innleiing om kva diakoni er for noko. Denne delen er meint å skulle gi grunnlaget for diakoniplanen og det diakonale arbeidet i kyrkjelydane våre.

Den andre delen inneheld toårsplanar, éin for kvart av dei fire sokna i Ørsta kommune. Desse planane er bygde på same leisten, men går ut ifrå dei lokale tilhøva i kvart av sokna. Ein toårsplan inneheld ei hovudmålsetjing og fire hovudarbeidsområde:

1. Materielt livsgrunnlag og sosial rettferd
2. Kontakt og fellesskap
3. Sjelesorg
4. Helse- og omsorgsarbeid

Innanfor kvart hovudarbeidsområde er det sett opp nokre delmål og eit oversyn over kva konkrete tiltak ein har eller har ønske om å setje i gang i kyrkjelyden.

Til sist i toårsplanen kjem eventuelt soknerådet/diakoniutvalet sine satsingsområde for toårsperioden. Toårsplanen bør evaluerast kvart andre år. Ein endra eller uendra plan vert då godkjend for ein ny toårsperiode. Er viktige tiltak utelatne frå ein toårsplan, eller om nokon har positive eller negative kommentarar, er slike tilbakemeldingar velkomne.

Toårsplanane kan opptre samla eller kvar for seg, alt etter behov, og i tilfelle bør forsida til diakoniplanen fortelje kva kyrkjelydar den aktuelle utgåva gjeld for. Føreordet og innleiinga om diakoni bør alltid følgje med, i alle utgåver.

Lat oss håpe at denne diakoniplanen med tilhøyrande toårsplanar, kan verke til bevisstgjering og målretta arbeid, og vere teneleg for kyrkjelydane våre i Ørsta, Vartdal, Hjørundfjord og Storfjord!


Kva er diakoni?


”Diakoni er det medmenneskelege omsorgs- og fellesskapsbyggjande arbeidet til kyrkjelyden, og den tenesta som i særleg grad er retta mot menneske i naud” (Plan for diakoni i Den norske kyrkja, 1987).

Det diakonale arbeidet til kyrkja spring ut av og er eit vitnemål om Guds kjærleik til alle menneske. Denne kjærleiken kjem til uttrykk gjennom fellesskapet i kyrkjelyden. Kyrkjelydsdiakonien er såleis ikkje først og fremst dei organiserte tiltaka, men ei grunnleggjande haldning og ein måte å leve på, som formar kyrkjelyden, i bøn og i arbeid.


Målsetjinga for diakonien

Målsetjinga med den diakonale tenesta er at alle skal ha det dei treng for å leve eit menneskeverdig og meiningsfylt liv. Det er også ei målsetjing for diakonien å gi menneske hjelp til eigenomsorg og hjelp til å leve med si smerte. Alle sider ved menneskelivet er ei utfordring for diakonien, og tek såleis på alvor at vi er skapte som heile menneske med kropp, sjel og ånd.


Omsorga for medmenneske

Omsorga for medmenneske er eit av dei viktigaste diakonale motiva i NT (Matt 10,6-8; Luk 9,12ff). Det er eit ansvar som alle menneske står under at vi skal syne miskunn mot dei som er i naud, utan å gjere skilnad. Kjærleiken er grenselaus, for Gud har skapt alle og har omsorg for alle. Likevel viser Det nye testamentet oss eit særleg ansvar for dei som høyrer heime i det kristne fellesskapet, ”våre sysken i trua” (Gal 6,10).

Diakonien er derfor heile kyrkjelyden sitt ansvar. Kyrkjelyden er eit omsorgsfellesskap, kalla saman av Guds ord og knytt saman i eit nytt fellesskap ved dåpen og nattverden. Kyrkjelyden er såleis eit resultat av Guds verk og vert halde oppe ved han.


Gå i fred, ten Herren med glede!

Gjennom den diakonale tenesta vert Guds omsorg og kjærleik til menneska synleggjort. Diakonien er dermed ein del av det samla vitnemålet til kyrkja, og står i samanheng med misjonsoppdraget vi har fått. Kyrkja ønskjer derfor, gjennom den diakonale tenesta, også å nå menneske med bodskapen om frelse i Jesus Kristus, og gi dei del i fellesskapet i kyrkjelyden.

Diakonien spring ut frå gudstenesta, frå fellesskapet, frå nådeorda. Der vert det nye livet skapt, til å leve i, både søndag og kvardag. Å leve i teneste for andre er ei frukt av det nye livet i trua, som Gud skaper ved Den Heilage Ande. Utsendingsorda ”gå i fred, ten Herren med glede,” oppsummerer og utfordrar.

Ørsta, 6. desember 2006


TOÅRSPLAN FOR HJØRUNDFJORD KYRKJELYD 2007– 2008

- hovudmålsetjing -
Styrkje og fremje diakonal haldning og handling i Hjørundfjord sokn,
og gjennom diakonale tiltak synleggjere
Guds kjærleik og omsorg for menneske.


1. MATERIELT LIVSGRUNNLAG OG SOSIAL RETTFERD

Sentralt i den kristne trua er at alle menneske har lik verdi og derfor har same rett til liv. Dette inneber at alle må verte sikra tilgang til dei materielle goda som er naudsynte for å oppretthalde livet, vern om skaparverket og kamp for rettferd og fred.

Delmål:
- Opne for å sjå, førebyggje og avhjelpe andre si naud, både lokalt og internasjonalt.
- Syne solidaritet med andre menneske og bevisstgjere kyrkjelyden på internasjonal diakoni.
- Fremje etisk forbruk og rettferdig handel, og utfordre til vern og omsorg for skaparverket.

a) Oppgåve Kyrkjelydens misjonsprosjekt:
Innvandrararbeid ved Håpets senter i Noisy-le-Sec, Frankrike (NMS 531028)
Målsetjing Støtte misjons- og hjelpearbeid for andre menneske (minst to offer i året + ev. til dette prosjektet)
Framdrift Kontinuerleg. Samarbeid med Storfjorden.
Ressursar Heile kyrkjelyden. Misjonskonsulenten i bispedømet.
Ansvarleg Soknerådet

b) Oppgåve Internasjonal diakoni: Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp
Målsetjing Samle inn pengar og engasjere konfirmantar og frivillige til innsats for menneske i naud
Framdrift Årleg aksjon i fastetida
Ressursar Konfirmantar, tilsette, frivillige og ev. ulike aksjonskomitear utnemnde av soknerådet.
Ansvar Soknerådet

c) Oppgåve Arbeide for å verkeleggjere idealet om ein grøn kyrkjelyd
Målsetjing Handle grønt og setje søkjelys på miljø, forbruk og vårt forvaltaransvar for skaparverket, gjennom tiltak i kyrkjelyden, i aviser og i andre samanhengar i samfunnet. Miljøfyrtårnsertifisering.
Framdrift Kontinuerleg
Ressursar Lokalt/på prostiplan / diakonirådgivar / nettverk for miljø, forbruk og rettferd i Møre bispedømme
Ansvarleg Sokneråd / diakon / kyrkjeverje

d) Oppgåve Setje søkjelys på rettferd og folk som lid naud
Målsetjing Fremje rettferdig handel mellom nord og sør, og kjøpe rettferdige varer når det er råd: Kaffi m.m.
Arrangere solidaritetsgudstenester/-aksjonar.
Framdrift Kontinuerleg
Ressursar Lokalt / samarbeid på prostiplan / med diakonirådgivar
Ansvarleg Diakon, kyrkjeverje, sokneråd

e) Oppgåve Dekkje grunnleggjande fysiske og materielle behov for innbyggjarane i soknet / lokalsamfunnet
Målsetjing Alle innbyggjarar skal ha det dei treng for å leve eit menneskeverdig og meiningsfylt liv.
Framdrift Kontinuerleg
Ressursar Tilsette i Ørsta kommune, frivillige.
Ansvarleg Ørsta kommune

2. KONTAKT OG FELLESSKAP

Grunnleggjande i den kristne trua er at vi er skapte til fellesskap. Det er i fellesskap med andre vi høyrer heime og finn vår identitet. Likevel kan mange, i sterkare eller mindre grad, oppleve framandgjering og mangel på relasjonar i nærmiljøet.

Delmål:
- Gi omsorg til menneske ikring oss og bidra til at grunnleggjande behov for kontakt og fellesskap vert dekte.
- Lage gode møteplassar og styrkje fellesskapet både i gudstenesta og i kyrkjelydsarbeidet generelt.
- Inspirere til teneste.

a) Oppgåve Barne- og ungdomsarbeid
Målsetjing Ulikt arbeid som gir opplæring og inkluderande kristent fellesskap for born og unge i kyrkjelyden.
Framdrift
- Barnekoret på bedehuset (soknerådet)
- Speidarane, KFUK-KFUM
- Søndagsskule ev. onsdagsklubb e.l.
- Ten Sing-gruppe med kor, dans og drama.
Samarbeid Ørsta og Volda. Øving kvar tysdag på Uppheim i Volda
- Sjå elles Dåpsopplæringsplanen (etter kvart Trusopplæringplanen, 0 – 18 år) for Den norske kyrkja
og ev. planar for Hjørundfjord sokn, for fleire detaljar.
Ressursar Tilsette / frivillige
Ansvarleg Tilsette, sokneråd, frivillige

b) Oppgåve Samlingar for heile kyrkjelyden
Målsetjing Samlingar som inkluderer og styrkjer fellesskapet i kyrkjelyden, som t.d. gudstenester m.m.
Framdrift Sjå gudstenestelista
Ressursar Tilsette / sokneråd / frivillige
Ansvarleg Sokneprest, sokneråd

c) Oppgåve Kyrkjevertar
Målsetjing Ønskje velkomen og gi hjelp og støtte til dei som kjem i kyrkja/dele ut salmebøker
Framdrift På alle gudstenester
Ressursar Frivillige / konfirmantar / sokneråd
Ansvarleg Sokneråd

d) Oppgåve Kyrkjekaffi / kyrkjemiddag i kyrkja eller på bedehuset
Målsetjing Styrkje fellesskapen i kyrkjelyden. Kyrkjekaffi / -middag i kyrkja, på kyrkjebakken e.l.
Framdrift Når det er familiegudsteneste / Diakoniens søndag / Hausttakefest / Årsmøte
Ressursar Frivillige, kor, lag og organisasjonar
Ansvarleg Sokneråd

e) Oppgåve ”Ut på tur” / Friluftsgudsteneste (felles med Bjørke éin gong i året / Rognestøylen)
Målsetjing Fellesskap ute i Guds frie natur
Framdrift Minst 2 gonger i året
Ressursar Frivillige
Ansvarleg Sokneprest, sokneråd

f) Oppgåve Diakoniens dag
Målsetjing Kyrkjelyden i fellesskap set fokus på diakoni og fellesskap. Offer til diakoniarbeid/-prosjekt denne dagen.
Framdrift Diakoniens dag er i utgangspunktet 14. søndag etter pinse, men kan leggjast til andre søndagar
Ressursar Frivillige
Ansvarleg Diakon, sokneråd

g) Oppgåve Fellesskapskveldar/-dagar, Våre heimar-kveld
Målsetjing Treffstad for vidare kontakt i kyrkjelyden, og godt miljø for vaksne nordmenn / innvandrarar.
Framdrift Ope
Ressursar Frivillige medarbeidarar som fungerer som ”vertskap” / ein komité
Ansvarleg Sokneråd, diakon

h) Oppgåve Føremiddagstref / pensjonistkafé
Målsetjing Samle 60+ og andre som har høve til hyggjeleg samvær og fellesskap, på føremiddagstid.
Framdrift Siste laurdagen i månaden
Ressursar Frivillige. Indremisjonen. Tilsette.
Ansvarleg Nasjonalforeininga for folkehelse / pensjonistlaget

i) Oppgåve Kontakt og fellesskap i kyrkjelyden
Målsetjing Ei open og inkluderande kyrkjelyd. Ta kontakt med eller besøke kvarandre, særleg ”nye” i kyrkjelyden
Framdrift Ved behov
Ressursar Tilsette/sokneråd/frivillige
Ansvarleg Diakon, sokneprest, sokneråd

j) Oppgåve Mindre einingar/fellesskap: Foreiningar /husfellesskap /Alpha-grupper /opne biblegrupper /cellegrupper
Målsetjing Oppmuntre til bibelgrupper/husfellesskap/foreiningar som er inkluderande, der deltakarane kan støtte kvarandre og gi hjelp til kristen tru og liv i kvardagen.
Framdrift - Normisjon
- Sjømannsmisjonen ”Gnisten”
- Israelsmisjonen
- NMS, misjonsforeining? Norangsfjorden, Bondalen, Sæbø?
Ressursar Frivillige / organisasjonar
Ansvarleg Ulike ansvarlege leiarar, sokneprest, diakon, sokneråd



3. SJELESORG

Grunnleggjande i den kristne trua, er at mennesket er skapt til fellesskap med Gud. Sjelesorg er omsorg for mennesket sitt forhold til Gud. Viktig her er også forholdet til seg sjølv og til andre.

Delmål:
- Alminneleggjere sjelesorga og heve kompetansen på sjelesorg i kyrkjelyden.
- Gi menneske hjelp til å leve med si smerte og vere med å snakke sant om at livet kan vere både godt og vondt.
- Lytte, samtale og hjelpe menneske inn i kyrkjelydslivet, til eit trygt og tillitsfullt forhold til Gud.
- Leggje til rette for fordjuping i relasjonen til Jesus.

a) Oppgåve Bøn / Forbøn i gudstenesta
Målsetjing Alle i kyrkjelyden vert oppfordra til å melde behov for forbøn. Dette kan takast med under forbøna i gudstenester eller på andre måtar. Bruke og oppfordre til bruk av lysgloben
Framdrift Kasse til å leggje bøneemne i.
Ressursar Sokneprest / bønegruppe / sokneråd
Ansvarleg Sokneprest, kyrkjetenar

b) Oppgåve Forbønskort for konfirmantar
Målsetjing Omslutte konfirmantane med forbøn
Framdrift Ein gong i året
Ressursar Frivillige. Utdeling av kort ved gudsteneste.
Ansvarleg Sokneprest

c) Oppgåve Kirkens SOS
Målsetjing - Informere om Kirkens SOS. Hjørundfjord sokneråd er medeigar i Kirkens SOS, og dette er såleis del av kyrkjelyden sitt arbeid. Her også å rekruttere frivillige medarbeidarar.
Framdrift Informere i samband med ofring til Kirkens SOS og ved andre samlingar i kyrkjelyden. Kyrkjespalta.
Ressursar Utsending til representantskapet/årmøtet til Kirkens SOS. (Ev. i samarbeid med andre sokn i Ørsta.)
Ansvarleg Sokneprest og diakon

d) Oppgåve Plantedagen på gravplassen
Målsetjing Fellesskap og felles plantedag for etterlatne på gravplassen med andakt i kyrkja og matsal på bedehuset.
Framdrift Juni
Ressursar Tilsette og frivillige
Ansvarleg Misjonsforeiningar, sokneråd
e) Oppgåve Oppfølging av etterlatne/Sorggrupper
Målsetjing Tilbod til etterlatne om samtale og ev. sorggruppe.
Framdrift Ved behov. Sender brev og ringje til dei som har mist ektefelle (diakon).
Ressursar Prestane, diakonen og ev. tidlegare gruppedeltakarar. Prostisamarbeid/samarbeid med andre sokn
Ansvarleg Sokneprest, diakon

f) Oppgåve Samtalegrupper ved samlivsbrot
Målsetjing Følgje opp i samband med separasjon og samlivsbrot.
Framdrift Ved behov.
Ressursar Prestane, diakonen og ev. tidlegare gruppedeltakarar. Prostisamarbeid/samarbeid med andre sokn
Ansvarleg Soknepresten

g) Oppgåve Open kyrkje på dagen før helgemesse
Målsetjing Folk skal ha høve til å søkje kyrkja for bøn og stille, dagen før helgemesse, når mange vitjar gravene
Framdrift Dagen før helgemesse, som er første søndag i november. Tid: 13 – 15.
Ressursar Soknerådet / Frivillige
Ansvarleg Sokneråd, diakon

h) Oppgåve Gudsteneste for etterlatne helgemessesøndag
Målsetjing Ei gudsteneste der dei som har døydd sidan førre helgemesse, vert nemnde, og der ein ber for dei etterlatne.
Framdrift Kvar helgemessesøndag, som er første søndag i november.
Ressursar Diakon / sokneråd
Ansvarleg Sokneprest / diakon



4. HELSE- OG OMSORGSARBEID
Omsorg for sjuke og trengande er på ein særleg måte framhalde i Det nye testamentet som ein del av oppdraget til kyrkja. Det er viktig for diakonien å vere med i arbeidet for at menneske som lid, får den omsorg og pleie dei har behov for.

Delmål:
- Syne omsorg i form av besøk, samtale, forbøn, samarbeid og beredskap.

a) Oppgåve Hjelpetiltak under gudstenesta
Målsetjing Leggje til rette/hjelpe rullestolbrukarar, tunghøyrde etc.
Framdrift Soknerådet ser på praktiske tiltak i forhandlingar med kommune og fellesråd
Ressursar Ørsta fellesråd, Ørsta kommune
Ansvarleg Sokneråd

b) Oppgåve Kyrkjeskyss/ -fylgje
Målsetjing Eit tilbod om kyrkjeskyss og -fylgje til dei som av ulike grunnar ikkje eignar å kome til kyrkje eller vere åleine i kyrkja.
Framdrift Avtalte søndagar
Ressursar Frivillige kyrkjefylgjer, Hjørundfjordheimen
Ansvarleg Sokneråd

c) Oppgåve Andakt og besøk på Hjørundfjordheimen
Målsetjing Halde kontakta med Hjørundfjordheimen og samle til andakt.
(Nattverdsgudsteneste, gjerne ein gong i halvåret.)
Framdrift Ein gong i veka, torsdagar.
Ressursar Sokneprest / diakon / frivillige
Ansvarleg Sokneprest

d) Oppgåve Skuleklasser eller barnehagar på Hjørundfjordheimen
Målsetjing Møte mellom generasjonar, til gjensidig glede og auka forståing
Framdrift 1 – 2 klasser vitjar Hjørundfjorheimen før jul (eller påske).
Barnehagebesøk kvar 14. dag, (samarbeid mellom barnehage og Hjørundfjordheimen.)
Ressursar Samarbeid med skulane
Ansvarleg Diakon
e) Oppgåve Besøksteneste
Målsetjing Besøk der folk er, til sjuke, einsame eller av andre grunnar
Framdrift Ved behov. (Opplyse om besøksteneste i kyrkjespalta eller andre stader.)
Ressursar Tilsette og frivillige / pårørande / andre organisasjonar som t.d. Røde kors og folkehelselag
Ansvarleg Sokneråd, diakon, sokneprest

f) Oppgåve Oppfølging og rettleiing for besøkjarane
Målsetjing Tilbod til besøkjarar om oppfølging og/eller kurs
Framdrift Eitt møte pr. år/semester
Ressursar Samarbeid med besøkstenester, t.d. besøkstenesta i Røde Kors.
Ansvarleg Diakonen

g) Oppgåve Einslege, unge mødrer
Målsetjing Vere lokal støtte for AAN-kontoret (i Volda), t.d. skaffe barnevakt eller besøksheim.
Framdrift Gi informasjon under gudstenesta ved ofring til AAN og gjere det kjent gjennom kyrkjespalta.
Ressursar Familiar og einskilde i kyrkjelyden.
Ansvarleg Soknerådet

h) Oppgåve Natteramnteneste
Målsetjing Minske vald og rasisme, og betre tilhøva for unge som oppheld seg i Ørsta-/Volda sentrum.
Framdrift Heile året, med særleg fokus på helgene
Ressursar Foreldre og frivillige i kyrkjelyden
Ansvarleg Frivilligsentralen i Volda

i) Oppgåve Dekkje grunnleggjande psykiske og fysiske omsorgsbehov for innbyggjarane i soknet/lokalsamfunnet
Målsetjing Alle innbyggjarar skal ha den omsorga dei treng for å takle kvardagen.
Framdrift Kontinuerleg.
Ressursar Tilsette i Ørsta kommune, frivillige.
Ansvarleg Ørsta kommune

_______________________________________________________________________________________
SATSINGSOMRÅDE FOR TOÅRSPERIODEN 2007- 2008:

- Lydanlegg m/teleslynge i kyrkja (4a)

- Misjonsprosjektet i Noisy-le-Sec (1a)

- Open kyrkje, laurdag før helgemesse (3g)


Sæbø, 1. november 2006


Reidun Gjerløv Holen,
soknerådsformann

Knut Stave, diakon



Knut Stave, diakon



"Gå i fred, ten Herren med glede!"

Kontaktinformasjon:
Knut Stave, diakon Tlf: 700 48644
e-post:
          ............................
Betty Søvik, diakon
Tlf: 700 48645
e-post:
 ...............................................
Lenkjer: Kirkens SOS..............................................

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret