Personvern

Personopplysninger

 

 Diakoniplan

SIST KJENDE DIAKONIPLAN

  

DIAKONIPLAN 

MED 

AKTIVITETSPLANAR 

Vartdal kyrkjelyd 

2017 

 

Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, 

verkeleggjort gjennom liv og teneste. 

(Visjon for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja, 2008) 

 

 

Føreord 

Diakoniplan for Vartdal kyrkjelyd (2017) med aktivitetsplanar (2017) 

Føreord 

 I dåpen får vi del i Kristus og blir ein del av den verdsvide kyrkja. Diakoni er ein del av det å vere eit truande menneske. Alle døypte er kalla til å syne omsorg for medmenneska sine – å vere eit ”våpen for det som er rett” (Rom 6,13). Slik Kristus gav seg sjølv for oss, kan vi gi livet vårt til andre (1. Joh 3,16) og vere prega av miskunn (Luk 6,36). 

Denne lokale diakoniplanen byggjer på Plan for diakoni i Den norske kyrkja (2008), der diakoni er definert slik:  

 

”Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.” 

                                                                      (Plan for diakoni i Den norske kyrkja, 2008) 

 

Visjonen til Den norske kyrkja er å vere ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje. Plan for diakoni (2008) handlar særleg om den tenande folkekyrkja. Diakonien kjem til uttrykk på ulike måtar: Gjennom enkeltmenneske, ved den organiserte diakonien i kyrkjelydane og gjennom institusjonar og organisasjonar, nasjonalt og globalt. 

 Alle i kyrkjelyden blir utfordra til eit kvardagsliv i teneste, men soknerådet har eit særleg ansvar for det lokale diakoniarbeidet i soknet (kyrkjelova, 1996, § 9). Noko av dette ansvaret kan soknerådet delegere til andre organ eller komitear. Diakonar er tilsette som leiarar av det diakonale arbeidet i soknet.   

 Den lokale diakoniplanen er bygd opp kring definisjonen av diakoni i ruta ovanfor, og er såleis delt i tre arbeidsområde:

1. Nestekjærleik 

2. Inkluderande fellesskap. 

3. Vern om skaparverket og kampen for rettferd.  

Kvart arbeidsområde er sett opp med ein generell del og eitt eller fleire delmål, og kan evaluerast av soknerådet kvart fjerde år.  

I tillegg til diakoniplanen kjem også ein aktivitetsplan innanfor kvart av dei tre arbeidsområda. Desse planane inneheld eit satsingsfelt og dessutan eit punktvis oversyn over kva tiltak ein har eller ønskjer å ha i kyrkjelyden. Soknerådet kan ta aktivitetsplanen opp til godkjenning kvart år, ved den årlege gjennomgangen av diakonien i soknet.  

Lat diakoniplanen verke til bevisstgjering og målretta arbeid, slik at diakonien kan få vere med i alt arbeid i kyrkja, som ei grunnleggjande haldning og ein måte å leve på, som formar kyrkjelyden, i bøn og i arbeid.  

 

Ørsta, 30. november 2016 

Knut Stave, diakon 

 

DIAKONIPLAN FOR VARTDAL KYRKJELYD (2017) 

med aktivitetsplanar (2017) 

 

Hovudmål: 

Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, 

verkeleggjort gjennom liv og teneste. 

 (Visjon for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja, 2008) 

 

1. NESTEKJÆRLEIK  

 Nestekjærleiken omfattar alle sider ved mennesket. Det er periodar i livet der ein har evne og høve til å gi, andre gonger treng ein å få. Diakonien har eit spesielt ansvar der få eller ingen bryr seg. Det grunnleggjande er gjensidig teneste og vørdnad for kvarandre. Evna til å gjere det gode er lagd ned i alle menneske (Rom 2,14).  

Hos den som trur på Kristus, er trua verksam i kjærleik (Gal 5,6). Som Kristus elskar oss, skal vi elske kvarandre og syne omsorg for kvarandre som medmenneske. Å gjere trua verksam i handling inneber å spørje om att og om att: ”Kven er nesten min?” (Luk 10,29–37). Det er òg å stille seg til disposisjon både som fellesskap og enkeltperson, og spørje: ”Kva vil du eg skal gjere for deg?” (Luk 18,41) og å oppsøkje marginaliserte, sjuke, svoltne, tørste og isolerte (Matt 25,35 ff).  

 

Delmål:  

- Syne omsorg i form av arrangement, besøk, samtale, forbøn, samarbeid og beredskap. 

- Lytte, samtale og hjelpe menneske inn i kyrkjelydslivet, til eit trygt og tillitsfullt forhold til Gud. 

 

--- Aktivitetsplan for dette arbeidsområdet (2017) --- 

Satsingsfelt: - Sorgarbeid, ev. kurs for menneske i sorg. 

a) Tiltak   Sorgarbeid og sorg- eller samtalegrupper, ev. kurs. 

Målsetjing Følgje opp menneske i sorg, særleg dei som har mista ektefelle: brev, telefonar og samtalegrupper/kurs. 

Framdrift Ved behov. 

Ressursar Prestane, diakonen og ev. tidlegare gruppedeltakarar. Ev. samarbeid med andre sokn. 

Ansvarleg Prestar, diakon 

 

b) Tiltak   Gudsteneste og kyrkjekaffi for etterlatne, helgemessesøndag 

Målsetjing Nemne dei som har gått bort sidan førre helgemesse. Tid til omsorg og bøn for dei etterlatne.  

Framdrift Kvar helgemessesøndag. Skriftleg invitasjon vert sendt til dei pårørande, éin til kvar slekt. 

Ressursar Diakon 

Ansvarleg Prestar, diakon 

 

c) Tiltak   Heimebesøk / besøksteneste 

Målsetjing Besøk heime eller på institusjon til menneske som t.d. er mykje åleine, flyktningar/nye i bygda e.l.  

Framdrift Kan vere regelmessig og organisert ved høve. Frivillige kan gjerne melde seg til besøksteneste. 

Ressursar Tilsette. Frivillige. 

Ansvarleg Prestar, diakon 

 

d) Tiltak   Medeigar i Kirkens SOS 

M ålsetjing Gi økonomisk støtte haust og vår. Informere om Kirkens SOS. Som medeigar i Kirkens SOS,  er dette del av Vartdal kyrkjelyd sitt arbeid. Rekruttere frivillige medarbeidarar. 

Framdrift Informere i samband med ofring til Kirkens SOS og ved andre samlingar i kyrkjelyden. Kyrkjespalta. 

Ressursar Utsending til representantskapet/årsmøtet til Kirkens SOS. (Ev. i samarbeid med andre sokn i Ørsta.) 

Ansvarleg Prestar, diakon, representant i SR 

 

2. INKLUDERANDE FELLESSKAP 

Det er ei sentral side av det kristne menneskesynet at vi er skapte i Guds bilete til å vere medmenneske. Grunnleggjande i kristen tru er at mennesket er skapt til fellesskap. Bibelen omtaler dette fellesskapet som ein kropp med mange ulike lemmer og funksjonar (1. Kor 12). Den Heilage Ande gir tru og rettleiing til eit liv i fellesskap og teneste. Anden gir styrke i motgang, uthald i tenesta og håp for morgondagen.  

Diakonien er ei teneste for medmennesket og skaparverket, og ei teneste for Gud. Denne heilskapstenkinga har konsekvensar for gudstenestelivet og for opplæring i kristen tru. Alle blir vi utfordra til eit kvardagsliv i teneste. 

 Delmål:  

- Lage gode møteplassar som inkluderer, og oppmuntre til kontakt og fellesskap. 

- Inspirere til teneste. 

- Leggje til rette for fordjuping i relasjonen til Jesus. 

 

--- Aktivitetsplan for dette arbeidsområdet (2017) --- 

a) Tiltak   Andakt og besøk på Vartdal helsetun 

Målsetjing Halde kontakta med Vartdal helsetun og samle til andakt. (Nattverdsgudsteneste 1-2 gonger i halvåret. 

Framdrift Éin gong i veka, tysdagar. 

Ressursar Prestar, diakon, frivillige og ev. skuleklassar 

Ansvarleg Diakon 

 

b) Tiltak  Lyd- og bildeoverføring, Vartdal helsetun 

Målsetjing Tilby lyd- og bildeoverføring til helsetunet av gudstenester, gravferder og konserter (merk: etter samtykke), for nokre av dei som ikkje kan kome seg til kyrkja.   

Framdrift Ved høve og ønske. 

Ressursar Sokneråd. Vartdal helsetun.  

Ansvarleg Sokneråd. 

 

c) Tiltak  Føremiddagstreff 

Målsetjing Samle 60+ og andre som har høve til hyggjeleg samvær og fellesskap, på føremiddagstid m/program og mat. Treffstad i kyrkja eller i samarbeid med Vartdal helsetun 

Framdrift 1-2 gonger i semesteret. 

Ressursar Frivillige. Vartdal helsetun.  

Ansvarleg Diakon 

 

d) Tiltak   Bøn og forbøn. Forbønskort for konfirmantar.  Lysgloben. 

Målsetjing Oppfordre om å melde behov for forbøn. Dette kan t.d. takast med under forbøna i gudstenester. Bruke eller oppfordre til bruk av lysgloben. Dele ut forbønskort for konfirmantar.  

Framdrift T.d. kasse i våpenhuset eller korg ved lysgloben. Forbønskort for konfirmantar til utdeling kvart år. 

Ressursar Prestar, bønegruppe, sokneråd 

Ansvarleg Prestar, kateket, kyrkjetenar. Klokkar kan hente lappane i kassa. 

 

e) Tiltak    Samlingar i fellesskap for heile kyrkjelyden 

Målsetjing Invitere til gudstenester eller andre samlingar som inkluderer og styrkjer fellesskapet i kyrkjelyden  

Somme gudstenester har ein spesiell profil, t.d. Ung Messe, friluftsgudsteneste, osv.  

Andre samlingar kan vere: Fellesskapskveldar, familiedagar, kyrkjelydsfest og kveldsbøn eller liknande 

Framdrift Sjå gudstenestelista og www.iKyrkja.no m.m. 

Ressursar Stab, sokneråd, frivillige 

Ansvarleg Prestar, sokneråd 

 

f) Oppgåve Kyrkjevertar  

Målsetjing Ønskje velkomen og gi hjelp og støtte til dei som kjem i kyrkja/dele ut salmebøker 

Framdrift På alle gudstenester 

Ressursar Konfirmantar/frivillige  

Ansvarleg Prestar/kateket  

 

g) Oppgåve ”Ut på tur” / Friluftsgudsteneste (Grytastøylen / Høgebakken / Grøvika / Barstadsetra) 

Målsetjing Fellesskap ute i Guds frie natur 

Framdrift Minst 2 gonger i året 

Ressursar Frivillige 

Ansvarleg Prestar, sokneråd 

 

h) Oppgåve Diakoniens dag 

Målsetjing Kyrkjelyden i fellesskap set fokus på diakoni og fellesskap. Offer til diakoniarbeid/-prosjekt denne dagen. 

Framdrift Diakoniens dag er i utgangspunktet 14. søndag etter pinse, men kan leggjast til andre søndagar 

Ressursar Frivillige 

Ansvarleg Diakon, sokneråd 

 

i) Tiltak   Hjelpetiltak under gudstenesta 

Målsetjing Leggje til rette/hjelpe rullestolbrukarar, tunghøyrde etc. 

Framdrift Soknerådet ser på praktiske tiltak, ev.  i forhandlingar med kommune og fellesråd 

Ressursar Fellesråd, Ørsta kommune 

Ansvarleg Sokneråd, fellesråd 

 

j) Oppgåve Kyrkjekaffi 

Målsetjing Styrkje fellesskapen i kyrkjelyden. Kyrkjekaffi i kyrkja, på kyrkjebakken e.l. 

Framdrift Når det er familiegudsteneste/Helgemesse/Diakoniens søndag 

Ressursar Frivillige, kor, lag  og organisasjonar 

Ansvarleg Sokneråd 

 

k) Oppgåve Kontakt og fellesskap i kyrkjelyden 

Målsetjing Ei open og inkluderande kyrkjelyd. Ta kontakt med eller besøke kvarandre, særleg ”nye” i kyrkjelyden  

Framdrift Ved behov 

Ressursar Tilsette/sokneråd/frivillige 

Ansvarleg Diakon, prestar, sokneråd 

 

l) Tiltak Halde oversikt og oppmuntre til mindre einingar, fellesskap, foreiningar og ev. andre grupper 

Målsetjing Støtte opp om bibelgrupper, husfellesskap, foreiningar eller liknande, der deltakarane kan gi kvarandre støtte og kveik til tru og liv i kvardagen, og gjerne inkludere nye med i arbeidet. 

Framdrift Kontinuerleg 

Ressursar Frivillige, organisasjonar, foreiningar 

Ansvarleg Ymist, prestar, diakon, kateket, sokneråd 

Ansvarleg Ymist, prestar, diakon, kateket, sokneråd 

 

 

3. VERN OM SKAPARVERKET OG KAMPEN FOR RETTFERD 

Vi menneske er avhengige av kvarandre og alt anna som lever. Samtidig er heile skaparverket i dag avhengig av at menneska tek forvaltaransvaret sitt på alvor, både globalt og lokalt. Med utgangspunkt i trua på Gud har vi ansvar for verda (1 Mos 1,26ff). I dag ser det ut til at skaparverket, mange dyre- og planteartar, ja, heile økosystem, kan vere trua på ulike måtar, gjennom menneskeleg aktivitet og ressursbruk. Oppfatninga av mennesket som herre og herskar over naturen må korrigerast. Med mål om glede og takksemd over å få vere ein del av det økologiske fellesskapet i skaparverket, kan dette føre til tydeleg tale i samfunnet og til konkret handling i eigne liv.  

Kulturelt og etnisk mangfald gir kyrkjelyden eit rikare liv. Menneske som lid vedkjem oss anten dei er nær eller held til i andre land (Matt 25, 35-40). Mennesket lever i og er avhengig av strukturane i samfunnet. Verdsfemnande system er med og styre liva våre. Derfor er det nødvendig å klargjere årsakene til menneskeleg naud og liding, arbeide for å endre det som gjer at ein ikkje får slutt på naudsituasjonen, og skape nytt livsgrunnlag. Å vise solidaritet er å ta opp kampen og arbeide for rettferd og fred. 

Delmål: 

- Syne solidaritet med andre menneske og bevisstgjere kyrkjelyden på internasjonal diakoni.  

- Vere med i Den norske kyrkja si satsing på grønare kyrkjelydar.  

- Fremje etisk forbruk og ein meir rettferdig handel. 

 

--- Aktivitetsplan for dette arbeidsområdet (2017) --- 

 

Satsingsfelt: - Misjonsprosjektet: Misjonsalliansen i Equador  

a) Tiltak   Kyrkjelydens misjonsprosjekt: 50505 Kirke i Ecuador og 50542 Skole og utdanning i Ecuador 

Målsetjing Støtte misjons- og hjelpearbeid for andre menneske med særleg fokus på misjonsprosjektet 

Framdrift   Minst 4 offer i året +  ev. andre innsamlingar  

Ressursar Heile kyrkjelyden, Misjonskonsulenten i bispedømet. Sverre Vik Misjonasalliansen 

Ansvarleg Sokneråd 

 

b) Tiltak   Internasjonal diakoni: Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp 

Målsetjing Samle inn pengar og engasjere konfirmantar, foreldre og frivillige til innsats for menneske i naud 

Framdrift Årleg aksjon i fastetida. 

Ressursar Konfirmantar, stab, frivillige og ev. ulike aksjonskomitear. Kirkens Nødhjelp. 

Ansvar Sokneråd, sokneprest 

 

c) Tiltak   Arbeide for å verkeleggjere idealet om ein  grønare kyrkjelyd 

Målsetjing Vern og omsorg for skaparverket: Handle grønt og setje søkjelys på miljø, forbruk og vårt forvaltaransvar, gjennom tiltak i kyrkjelyden, i aviser og i andre samanhengar i samfunnet.  

Framdrift Kontinuerleg. Arbeide fram mot Grøn kyrkjelyd (sokneråd) og Miljøfyrtårnsertifisering (fellesråd). 

Ressursar Lokalt, diakonirådgivar, Ressursgr. for skaparverk og berekraft i Møre bispedømme, KA og Kirkerådet. 

Ansvarleg Sokneråd (Grøn kyrkjelyd), Ørsta k. fellesråd (Miljøfyrtårn), diakon 

 

d) Tiltak   Støtte opp om Ørsta som fairtrade-kommune 

Målsetjing Fremje rettferdig handel og kjøpe rettferdig kaffi. Informere sokneråd og kyrkjelyd om rettferdig handel.  

Ev. setje søkjelys på rettferdig handel i lokalaviser. Ev. markering på diakoniens søndag. 

Framdrift Kontinuerleg. Lokalt samarbeid med og ev. medlemskap i Styringsgruppa for fairtrade Ørsta-Volda. 

Ressursar Styringsgruppa for fairtrade, Ørsta-Volda. Kirkens Nødhjelp. Diakonirådgivar. 

Ansvarleg Sokneråd, diakon. 

 

e) Tiltak   Skaparverk, rettferd og berekraft” i konfirmantarbeidet, t.d. butikktest. 

Målsetjing Gi konfirmantar forståing for at alle kan vere med å ta ansvar, t.d. gjennom etisk forbruk.   

Framdrift T.d. ved årleg å teste vareutvalet i butikkane på merkeordningar for miljø og rettferd.  

Ressursar Frivillige, butikkar 

Ansvarleg Diakon 

 

f) Tiltak   Søndag for dei forfølgde 

Målsetjing Støtte til og fokus på menneske og kyrkjer verda over som blir forfølgde eller undertrykte på grunn av si kristne tru. 

Framdrift Andre søndag i nov. kvart år, eller velje ein annan søndag. 

Ressursar Frivillige. Stefanusalliansen (tidl. Norsk misjon i øst). Åpne Dører.  

Ansvarleg Prestar, sokneråd 

 

 

Vartdal 24.november 2016  -Kjetil Standal, soknerådsleiar
-Betty Søvik , diakon.
-Knut Stave, diakon