Personvern

Personopplysninger

 

Dåp

Velkomen til dåp!

Dåpen er ei heilag handling, eit sakrament, der barnet vert Guds barn og ein del av kyrkjelyden og Den norske kyrkja.


De kan no melde inn dåp på nettet! Dette er det lettaste for alle partar. Om noko er uklårt, er det berre å ringje på kontoret i kontortida. 700 48640
Her er lenkjene til dei ulike kyrkjene for å melde inn dåp, og hugs å velje SOKN øvesrt inne på påmeldingssida:

Logg inn her 

Tidlegare har det vore innmelding ved å fylje ut papir som ein har fått med kontoret, og mange kontor har det enno. Me vil svært gjerne de melder inn på nettet ved å trykkje på linkane ovanfor, og de vil då få brev eller kontakta av oss for tider for dåpssamtale og dato.

Før var det denne måten som var vanleg:


Ved oppmøte på kontoret:
Kontaktpersonar:
Kyrkjesekretæren ved kyrkjekontoret i Ørsta sender ut informasjon og papir om dåp etter å ha fått melding om fødsel frå folkeregisteret.

Med kyrkjesekretær avtalar de:
- dåpsdato, dato for dåpsinformasjon og dåpssamtale

Av presten får de:
- dåpsinformasjon, dåpssamtale og utførelse av dåp

Informasjon:
  • Ein set opp tid for dåp ved å snakke med kyrkjekontoret i Ørsta. Skal ein døype i andre kyrkjer utanfor Ørsta Kommune, tek du likevel kontakt med ditt eige kyrkjekontor, etter at du har tinga dåpsdag. Alle papir, dåpsbilete og dåpssamtale skal ordnast på heimstaden.
  • Sjå på kalenderen over gudstenester i framover, kvar det skal vere dåp, og ring for å høyre om plass til dåp. I Ørsta kyrkje må de sjå på gudstenestene som er sett opp med dåp, dei eignar seg best. Vil de døype barnet dykkar i kyrkjene på Vartdal, Hjørundfjord eller Bjørke, brukar det å vere heilt greitt berre der er gudsteneste den dagen de vil døype.
  • Dei fleste born vert døypte før dei er tre månader gamle, men også store born, unge og vaksne kan verte døypte.
  • Det er ulike tilbod i sokna for born frå 0 år og oppover, td: – Småbarnstreff, søndagsskule, måndagsklubben, sjå meir om desse tilboda under barn og unge
  • Ved dåpen skal barnet ha fadrar. Det skal vere minst to, høgst seks fadrar. Fadrane må vere fylt 15 år. Minst to av fadrane må vere til stades under dåpen. Som fadder kan ein berre velje personar som er medlemer av Den norske kyrkja, eller andre kristne som erkjenner barnedåpen. Foreldra kan ikkje vere fadrar.
  • Meir om dåpsliturgien og dåp finn du på sidene til www.kirken.no

Skjema
Skjema som skal fyllast ut, får de tilsendt frå kyrkjekontoret.

Dåpsattaest
Dåpsattesten vert overrekt i kyrkja dåpsdagen. I Ørsta kyrkje deler ein ut attesten saman med ein fin og handbrodert dåpsklut ein brukar å tørke barnet med ved døypefonten. (Klikk på link i venstre marg) Vartdal kyrkje og kyrkjene i Hjørundfjorden deler ut dåpslys saman med attesten. Dette er gåve frå kyrkjelyden.

Dagar for dåp:
De avtalar dåpsdag med kyrkjelydssekretæren, ho har oversikta over dagar det passar med dåp i Gudstenesta.
Ein er svært romsleg når det gjeld å få datoen ein ynskjer til dåp, men det er ein føresetnad at det faktisk er gudsteneste i kyrkja den dagen. Enkelte gudstenester er spesielt eigna til dåp, og andre er ikkje så eigna, men til dømes vil ei familiegudsteneste vere ypparleg. De kan sjå inne på kalenderen vår: Kalender:"i kyrkjene no". Klikk på denne og vel månad, så ser du kva tid det er gudsteneste med dåp i. Den skal vere oppdatert, men det hender det vert gjort endringar som ikkje er kome med. Uansett må du snakke med kyrkjelydssekretær og melde inn dåp, først då får ein sikkerheit i alt med dåpen.
I kyrkjene utanfor Ørsta sentrum er det ikkje så ofte gudstenester og dåp. Dersom ein vil døype i ei av desse kyrkjene, kan ein sjå etter dei vanlege gudstenestene som er sett opp. Så må ein ringe å høyre om det høver med dåp den aktuelle datoen.

Adresse:

Vikegata 5,
6150 ØRSTA
Tlf: 70048640

 E-post til kontoret

.................................