Personvern

Personopplysninger

 

 Fadder

Det er ei tillitserklæring å verte spurt om å vere fadder.
Ein vel gjerne fadderar som ein meiner kan bety noko spesielt for barnet, nokon som kan fylgje barnet gjennom oppveksten.
  • Det skal vere minst to, høgst seks fadderar. Fadderane må vere fylt 15 år. Minst to av fadderane må vere til stades under dåpen. Som fadder kan ein berre velje personar som er medlemer av Den norske kyrkja, eller andre kristne som erkjenner barnedåpen. Foreldra kan ikkje vere fadderar.

Som fadder er ein eit vitne til at barnet vert døypt til namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande. Barnet vert tatt inn som ein del av kyrkjelyden. Fadderen stend som den som skal lære barnet om Gud.

Oppfølging:
Ein kan gje barnet barnebibel, kristne bøker, musikk og lydbøker. Julekrubbe med figurar til jul, kanskje vere med på søndagsskule eller gudsteneste når barnet vert større.
Mange faktorar spelar inn på korleis ein kan fylgje opp det å vere fadder ved dåpen, uansett er ein valt av foreldra og dei ville ha akkurat deg.

Dåpsdagen
Dåpen er gjerne på ei vanleg gudsteneste eller familiegudsteneste. Benkane lengst framme i kyrkja, er merka med slektsnamnet til dei som døyper, så heile dåpsfølgje får plass.

Inngang. Heile kyrkjelyden stend når dåpsbarnet, mor og far kjem inn, som fadder har ein allereie tatt plass i benkane.
Inngangsord frå presten
Dåpssalme
Skriftlesing
Presten bed dåpsfølgja om å reise seg
Truvedkjenninga (alle reiser seg)
Alle set seg
Vatnet vert helt i døypefonten
Presten gjev signal til det dåpsfølgje som skal fram
Dåpshandling
Tørker av (i Ørsta får ein dåpskluten)
Går og set seg, og neste følgje kjem fram
Lovprising og bøn tilslutt.

Stort sett er dette den måten ein gjer det på, men endringar kan skje. Uansett hjelper presten med å gi kyrkjelyden teikn på kva som skjer.

Adresse:

Vikegata 5,
6150 ØRSTA
Tlf: 70048640

 E-post til kontoret

.................................