Personvern

Personopplysninger

 

Misjonsselskapet inviterer til sommarfest i Prestegarden

Misjonsselskapet inviterer til sommarfest i Prestegarden
Det er ei stor glede for Det Norske Misjonsselskap (NMS) å invitere til sommarfest i Prestegarden torsdag 16. juni klokka 18:00.
Dette er tradisjon, og vi er takksame for at presteparet åpnar den koselige heimen til desse og mange andre samkomer.
Denne gangen får vi besøk av May-Lisbeth H Aurdal,frå Sykkylven, ho vil ha andakta og fortelje nytt frå NMS sitt arbeid.May-Lisbeth er  tilsett i NMS,og er ei misjonsengasjert dame som ikkje minst er oppteken av å tenkje nytt. Ho har også vore på besøk til fleire av landa der NMS driv arbeid.
Ellers vil Jorunn og Matias ta del. Vi  tek oss også god tid rundt borda til mat, kaffi, te og prat. Denne kvelden gir vi gåva til Kjeldsund Ungdomssenter. Denne kjempefine leirstaden som ligg idyllisk til ute i Herøy, samlar både unge, vaksne og eldre, og er åpe for alle.
Sommarfesten er åpen for alle,-kanskje vi til og med kan håpe på at sola og sommarvarmen kjem?
Uansett,-velkommen til sommarfest med fokus på misjon.
Sjå annonse onsdag.
                                       NMS-styret,-Eli-KM

Vis alle