Personvern

Personopplysninger

 

SÆRSYN PÅ ADVENTSTREFFET

SÆRSYN PÅ ADVENTSTREFFET

Føremiddagstreffa i Ørsta hadde nyleg det årlege adventstreffet i Ørsta kyrkje, torsdag 1. desember, og då fekk dei frammøtte oppleve eit særsyn: Då var dei over førti 4.-klassingane ved Vikemarka skule plassert fremst i kyrkja, og kvar og ein av dei hadde eit instrument mellom hendene. Det var klarinettar, trekkspel, fiolinar, trompetar og kornettar. Elevane har fått lære å spele på desse instrumenta i haust, og dei kunne verkeleg spele med!! Det var veldig flott å høyre på!


Dei fleste 4.-klassingane har visst berre spelt sidan september, så dei har ikkje hatt så lang tid til å øve. Brynhild Raknes har ansvar for undervisningsopplegget og særleg for trompetar og kornettar. Britt Hagen har klarinettane, Sissel Goksøyr er lærar for trekkspelarane og pensjonistane Knut Ose og Torstein Hjertvik stiller trufast opp med fiolinundervisning. Dette er flott!

Då 4.-klassingane var ferdige å spele, måtte dei skunde seg tilbake til skulen og halde fram skuledagen der, men Adventstreffet var ikkje slutt enno. Sokneprest Matias Austrheim heldt ei lita andakt og delte nokre tankar i adventstida. Jesus vart fødd. Han kom ein gong. Han kjem enno i dag. Jesus Kristus er nær og han skal kome igjen.

Etter program, song og musikk oppe i kyrkja vart alle som hadde tid og høve ønskte velkomne ned i kyrkjestova til ein adventskaffi. Der var det ikkje lagt opp til så mykje program, men føremiddagstreffkomiteen hadde som vanleg stelt til med koseleg pynta bord. Det var god tid til å stoppe igjen, smake på julebrød og julekaker, og snakkast over ein kaffikopp. Dette var eit verkeleg kjekt adventstreff og 4.-klassingane frå Vikemarka skule var noko å ha med seg å hugse på vidare i adventstida!

Ha ei fin adventstid vidare, og vel møtt til fleire føremiddagstreff på nyåret!

Knut Stave, diakon

Sjå bilete frå treffet ved å klikke på linken nedanfor:

Bildeserie