Personvern

Personopplysninger

 

God påsketid!

God påsketid!
Vel overstått; seier vi gjerne no etter påske.
Men påsketida - det er no det. Frå påskedag og til pinsefesten.

Kven sa at kyrkjene står tomme? I programmet Ukeslutt på påskeafta klarte ein ung NRK journalist igjen å presentere eit særdeles fordomsfullt innslag om dei såkalla «tome kyrkjene» i Norge. For å belegge si framstilling av den norske kyrkje besøkte han ei kveldsgudsteneste på Skjærtorsdag i ein bydel i Oslo med mykje eldre folk. Det vart presentert som eit bilete på Den norske kyrkje.

Vi veit at kyrkjesøkinga varierer rundt om i kyrkjene. Vi veit og at kyrkjesøkinga i Norge kunnne vore langt betre om folk prioriterte søndagsgudstenesta på ein langt meir forpliktande måte enn det som er tilfelle.

Men vi veit og at mange kyrkjer i Norge var fullsette i påska. I Ørsta kyrkje feira vi påskenattsmesse. Den er ei av dei meste særprega gudstenester i kyrkjeåret. Alle som var tilstades måtte legge merke til kor mykje ungdom som var samla! Og påskedag var Ørsta-kyrkja fyllt til trengsel!

No lever vi i den lyse, glade påsketid. Vi feirer oppstoda. Kvar søndag vert vi minnte om at kva som er den kristne kyrkja sin grunnvoll: Jesus død for oss på korset og hans sigerrike oppstode påskedag. "Sjå, eg gjer alle ting nye". Ei kvar gusteneste er ei feiring av Jesu oppstode og eit møte med den oppstadne i takk og tilbeding.

Komande søndag møter vi tvilaren Thomas. Han var ikkje tilstades då Jesus openberra seg for læresveinane fyrste gongen etter påske. Han trudde ikkje det kunne vere sant. Men ei veke etter påske får også Thomas møte Jesus. « Kom med fingeren din, og sjå hendene mine.Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantruen men truande! « Min Herre og min Gud !» sa Thomas. Jesus seier til han : «Fordu du har sett meg,trur du. Sæle dei som ikkje ser og endå trur».

Velkomen til gudstenestefeiring i påsketida !

Matias Austrheim



Kirkeleg ressursside:

http://www.kirkenorge.no/




Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640
Faks:70048641

Ørsta kyrkje:700 66354

Meir kontaktinfo.
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kontoret