Personvern

Personopplysninger

 

FØREMIDDAGSTREFF I VARTDAL KYRKJE

FØREMIDDAGSTREFF I VARTDAL KYRKJE
Komande torsdag ønsker Vartdal sokneråd og diakon Knut Stave velkommen til føremiddagstreff i Vartdal kyrkje igjen. Alle som har fri eller høve på denne tida av dagen, er då velkomne til eit uhøgtidleg og hyggjeleg treff i kyrkja på føremiddagstid. Så berre set av datoen og klokkeslettet med ein gong!

Wenche Vartdal Leite og musikar vil stå for song og musikk. Ho er frå Vartdal og mange set pris på songen hennar. Det er Leif Langdal som skal spele piano, og han er også godt kjend på Vartdalstranda. Diakon Knut Stave vil halde ei lita andakt. 

Så vert det ikkje skikkeleg føremiddagstreff utan at ein får tid til å ”treffast”. Det er viktig, så derfor vert det god tid til å sette seg ned og ta ein prat over ein kopp kaffi, og noko å bite i. 

Ver velkommen både frå nord og sør på Vartdal-stranda. Kanskje kjenner du nokon du kan invitere med deg på treff? Det er kjekt å ha møteplassar på dagtid. For somme kan det av ulike grunnar vere vanskeleg å kome seg til føremiddagstreff, medan andre gjerne har lang veg. Kanskje nokre av dokker har ein nabo eller kjenner nokon som treng skyss. Det går an å slå seg ilag å køyre saman til treffet, når ein berre finn tak i kvarandre...

Då treffest vi altså i Vartdal kyrkje, torsdag, i neste veke.

ALLE ER VELKOMNE!!

Helsing Vartdal sokneråd og diakon Knut Stave