Personvern

Personopplysninger

 

Meld på barna på Lys vaken i Hjørundfjord

Meld på barna på Lys vaken i Hjørundfjord

Hei!

 Til deg som går i 6. og 7. klasse:

Du er velkomen til å vere med på Lys vaken-overnatting

Hjørundfjord kyrkje laurdag 18-19. november 2017

 

Lys Vaken er ein mini-leir der vi skal overnatte inne i kyrkjerommet!

 

Vi skal og lære meir om advent, Jesus, kyrkja og tradisjonane våre, utforske kyrkjetårnet, og i tillegg ha det kjekt i lag med vener.

 

Programmet startar i kyrkja laurdag 18. november kl 18.00 og varer til søndag 19november kl 12.30.

 

Viss veret er bra, skal vi og ut og fyre bål og grille pølser. Det blir sporløp, aktivitetar, leik og song utover kvelden, før me går inn og finn fram soveposane. 

 

Når morgonen kjem, vert det frukost på bedehuset, tur i kyrkjetårnet og førebuing av gudstenesta. Heile familien er invitert til familiegudstenesta som byrjar kl 11.00.

 

Leiarar er Sokneprest Espen Aarseth, trusopplærar Hans Olav Sætre, og ungdomsleiarar frå Hjørundfjorden. 

 

Høyrest dette kjekt ut? – Meld deg på ved å sende sms til Espen Aarseth på tlf 913 94 268

INNAN: ONSDAG 8. NOVEMBER

 

Skriv desse opplysningane I sms-en: namn på deltakar, klasse, evt tilrettelegging eller allergiar og telefonnummer og namn til foreldre. 

 

Ta med:

Dei som blir med,  må ta med:

• Sovepose (evt. pute)
• Liggeunderlag(oppblåsbare liggeunderlag: prøv ut heime om desse funkar først)
• Pysjamas
• Toalettsaker
• VARME UTEKLEDE (DETTE ER SVÆRT VIKTIG!)
• Innesko, tøfler el. tjukkelestar

 

 

Til foreldre

Vi treng hjelp til ulike oppgåver ved arrangementet, og vi vil sette opp foreldre på ei liste etter at alle har meldt seg på. Dette er enkle ting som å lage frokost til deltakarane, fyre opp grill, nattvakter osv. Viktigast er nattevakter, då brannvesenet krever dette.

 

For alle

Lys Vaken skal vere for alle som har lyst. Dersom ditt barn treng tilrettelegging av noko slag, ber me om at du tek kontakt, slik at me saman kan legge til rette for ei best mogleg oppleving for barnet. 

 

Kostnad

Lys Vaken kostar litt å arrangere, så kvar deltakar kan ta med 100 kr når dei kjem.

 

Mobilbruk

Vi kjem til å be alle som har mobil på arrangementet, å ha denne i bagen sin, avslått eller på lydlaus. Dette er fordi vi skal klare å vere tilstades og unngå å verte forstyrra. Viss nokon treng å nå tak i deltakaren, er det berre å ringe på tlf 913 94 268. Denne telefonen er og på om natta.

 

Bilete på nett?

I etterkant vil det verte lagt ut bilete (utan namn) frå helga på www.iKyrkja.no. Me ber difor om ei melding frå heimendersom foreldra ikkje vil at bilete av deira barn skal verte lagt ut. 

 

PÅMELDING

SMS TIL ESPEN AARSETH, TLF 913 94 268 innan onsdag 8. november

 

 

Me sjåast!

 

Helsing prest Espen Aarseth og trusopplærar Hans Olav Sætre

 

Adresse:
Ørsta kyrkjekontor
Vikegata 5, 6150 Ørsta

Gjer vel og avtale tid pr tlf.!

Spr. Espen Aarseth: 91394268
Tlf. Ørsta kyrkjekontor: 70048640
Hj.fj. kyrkje: 700 40022

e-post til kontoret

e-post til soknepresten