Personvern

Personopplysninger

 

Føremiddagstreffa i Ørsta: DRAMA I VESTISEN i 1952

Føremiddagstreffa i Ørsta: DRAMA I VESTISEN i 1952
Velkommen til føremiddagstreff igjen, både frå Ørsta, Vartdalstranda og Hjørundfjorden. Denne gongen er treffstaden i Ørsta frikyrkje, tors. 22. nov. kl. 11.00.  S. Aksnes fortel om drama i Vestisen.

Dramaet som fann stad i Vestisen i 1952, har sett spor etter seg. På føremiddagstreffet denne gongen får vi besøk av Steinar Aksnes frå Hatleholen i Ålesund, ikkje langt frå Borgund folkehøgskule. Han har reist ein del rundt og fortalt om dette store dramaet, og no besøker han Ørsta for å fortelje meir.

Steinar er opphaveleg frå Aksnes i Dalsfjorden, og er gift med Solveig Bjørdal, og dei budde også ei tid i Ørsta. Steinar har vore rektor i Sula og har elles både skrive songar og laga kryssordoppgåver, og vore aktiv i ulike samanhengar, men i ungdommen var han altså med far sin på sildefiske og han har sjølv vore på ishavet. Dramaet i Vestisen veit han mykje om!

Føremiddagstreffa er eit samarbeid mellom frikyrkja, bedehuset og kyrkja, og alle som har tid og høve, er velkomne til treff! Føremiddagstreffa er enkle og uformelle treff med nokre andaktsord, song og litt program. Denne gongen er treffet i Ørsta frikyrkje, og pastor Kjersti Gulli Petersen blir med på piano. Vi kan derfor også håpe på nokre soloinnslag med song/piano frå hennar side. Det blir som vanleg god tid til å ”treffast” med mykje god mat og prat kring borda, og utlodding med fine vinstar. Kanskje vinn du…

Inviter gjerne med nye til føremiddagstreff. Nokre treng kanskje hjelp med skyss, medan andre kan tenke seg å ha med fleire i bilen. Vi ønsker alle aldersgrupper velkomne til føremiddagstreff, både frå Ørsta og Vartdalstranda og Hjørundfjorden!

Då treffest vi altså i Ørsta frikyrkje, torsdag, førstkomande.

ALLE ER VELKOMNE!!

Helsing Føremiddagstreff-komiteen og diakon-Knut

Tragedien i Vestisen

Lasta: «Furenak» av Vartdal fullasta med fangst i ope hav.