Personvern

Personopplysninger

 

Leige kyrkje?

Ynskjer de å leige ei av kyrkjene til konsertar eller andre arrangement, er det veldig kjekt!
Det kan til tider vere ein del ting som skjer i kyrkjene, spesielt rundt advent og jul, så det er svært viktig å sjekke opp om den aktuelle kyrkja er ledig.

Ring og spør først! Tlf: 700 48640

Deretter de:


Laste ned leigeskjema (som du finn i venstre margen her, eller nedst på sida) med utleigevedtektene.
Fyl ut å send inn, eller kom innom kontoret i 3. etasje, Vikegata 5.

VIKTIG: Fyl ut BÅDE tidspunkt for konsert/arr. OG tid de vil kome til kyrkja!
I vedtektene står det at de også må ordne med brannvakter til slike konsertar.
Det er også ein del restriksjonar når det gjeld levande lys, på grunn av brannfaren. Me har mellom anna ei svært verdifull altertavle! Det får ein vite når ein snakkar med Aslak kyrkjetenar, eller sekretær på kontoret.

Gløym heller ikkje å levere oss artikkel/notis/annonse (der tidspunkta står) som skal til lokalavisene, me vil legge ut dette her på nettsidene!!
Det kan sendast til web-ansvarleg her. (krvatne@hotmail.com)

Skjema under er det som de fyl ut etter konserten i kyrkja finn du i margen.









Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret