Personvern

Personopplysninger

 

Bibelutdeling i Vartdal kyrkje

Bibelutdeling i Vartdal kyrkje

Kjære 5.- og 6. klassingar, med føresette frå Vartdalsstranda

Du som går i 5. eller 6. klasse, har blitt rundt 10 eller 11 år. I Vartdal kyrkjelyd har vi lang tradisjon for å gi ei bibelgåve til barn i denne aldersgruppa, og det vil vi gjerne fortsette med i år også.

 Vartdal sokneråd har derfor gleda av å invitere alle 5.- og 6.-klassingar, med familie, til:

FAMILIEGUDSTENESTE I VARTDAL KYRKJE m/bokutdeling til 5. og 6. klasse søndag 27. januar kl. 11.00

Bibelen er ei bok med ei lang og spennande historie bak seg. Kunnskap om Bibelen kan hjelpe oss til å forstå kulturen og samfunnet vi lever i. Det er ei bok der vi på ein heilt spesiell måte får lære om kven Gud er og korleis han har synt seg i historia. Fortellingane om Jesus er Bibelens sentrum. Den raude tråden er Guds kjærleik til menneska og verda.

Invitasjonen blir sendt til dei som er registrerte i medlemsregisteret til Den norske kyrkja og som er fødde i 2007 og 2008. Kjenner de 5./6.-klassingar som ikkje har fått invitasjon, må de gjerne invitere dei med til gudsteneste! Alle 5./6.-klassingar er velkomne til å få ’Bibelen. Ei vandring gjennom den store forteljinga’ i gåve frå kyrkjelyden!

Vel møtt til gudsteneste! Ørsta, 15. januar 2019 Vennleg helsing spr. Ruth Eva Sollie og kateket Caroline Sefu

                                     
  
Aadresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640/70048650

Meir info.
under sida for
kyrkjekontoret

e-post til kontoret


Spr. Ruth Eva Sollie:
tlf:


Vartdal kyrkje:70042054

e-post til sekretær