Personvern

Personopplysninger

 

Føremiddagstreff på Ørstaheimen

Føremiddagstreff på Ørstaheimen
Føremiddagstreffa i Ørsta arrangerer treff på Ørstaheimen igjen den 5. mars klokka 11:00. Det blir føremiddagstreff i kantina på Ørstaheimen, komande torsdag. Soknepresten i Hjørundfjord, Espen Aarseth, vil halde ei andakt, og det kan verte både song og musikk.

FØREMIDDAGSTREFF PÅ ØRSTAHEIMEN

- Han tar i alle fall med seg gitaren. Derfor kan vi vente oss både solosong og allsong på treffet denne gongen. Dette kan vi sjå fram til!
Det blir elles som vanleg høve til samvær og god mat og prat kring borda. Kantina på Ørstaheimen er ein god treffstad, ikkje minst på grunn av den gode maten som dei lagar på kjøkkenet der. Denne dagen er hovudretten potetball. Det er svært populært, men det er også kaffi og annan mat å få kjøpt i kantina.Ein treng ikkje vere 60+ for å vere velkommen til føremiddagstreffa, så vi ønsker alle aldersgrupper velkomne! Så håpar vi at ekstra mange vil vere med på treffet denne gongen, både av dei som bur i og rundt Ørstaheimen, og folk elles frå Ørsta og bygdene omkring. Ta gjerne med deg ein kjenning på treff! Kanskje er det nokon som ikkje har vore på føremiddagstreff før, eller kanskje er det nokon som ikkje er kjende på Ørstaheimen. Alle er velkomne!! Vi treffest i kantina på Ørstaheimen!VELKOMMEN!!Helsing Føremiddagstreff-komiteen