Personvern

Personopplysninger

 

Dette er kyrkjekaffeopplegget

Dette er kyrkjekaffeopplegget

RETTLEIING FOR KYRKJEKAFFI

– alt du treng finn du i skapa over kjøkkenbenken

Oppmøtetid og stad: 

Ein halvtime før gudstenesta på kjøkken/kontor i kyrkjekjellaren

1. Før gudstenesta:

1. Før gudstenesta:

Sjekk med kyrkjetenar om kyrkjekaffien skal vere i kyrkjestova, oppe i kyrkjerommet eller ute. 

Gjer klart eller set fram:

3 kanner med kaffi.(NB! Vasskokar må vere av når kaffitraktar er på.)

- Bland 1 mugge med saft (meir på familiegudsteneste).

- 10 glas og 20 koppar/tefat i kyrkjestova

(bruk eingongskoppar, når kyrkjekaffien er ute/oppe)

- serviettar i staden for fat

skål m/teposar

sukker m/skei

fløytepulver (boks)

kjeks glutenfri på eige fat + skilt med «Glutenfritt»

- kjeks på fat

(+ ev. om nokon har kake eller bollar m.m.)

2. Under kyrkjekaffien

- Kok litt tevatn. (NB! Kaffitraktar må vere av når vasskokar er på.)

Fyll på om det blir tomt for kaffi, saft eller kjeks. 

3. Til slutt

Rydd opp etterpå.

Set brukte koppar og glas inn i oppvaskmaskina. 

Skyl kannene og dra ut kontaktene på kaffitraktarane.

TAKK!

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret