Personvern

Personopplysninger

 

Søndagstankar ved sokneprest Arne Moltubak

Livsens vatn

Alt liv kjem frå og er avhengig av vatn. Liv utan vatn er heilt utenkeleg.  Difor er det så alvorleg når vatnet ikkje kjem til vanleg tid eller når vatnet blir forureina og øydelagt av menneskeleg aktivitet. For vatnet er kjelda til alt liv.

Slik livet startar i vatn, slik startar også trua i vatn, i dåpens livgivande vatn.

 I 2022 blei 103 menneske døypt i dei tre kyrkjene i Ørsta. Gjennom dåpen blei dei alle del av eit verdsvidt fellesskap av menneske som trur, ikkje av eigen kraft og fortreffelegdom, men av Guds nåde. Frå dåpsvatnet spring det ei kjelde som aldri går tom. Ei kjelde som varer gjennom liv og død. Ei kjelde som skapar liv og vekst i alt som kjennes livlaust og dødt. Ei kjelde som spring fram der vi minst ventar det og når vi treng det som mest.

På andre søndag i openberringstida er det fortellinga om Jesu dåp som vert lest i kyrkjene våre. I dåpen vert Jesus stadfesta som Guds son, og Jesus ser Guds Ande kome ned over seg. I forlenginga av denne teksten fører Anden Jesus først gjennom freisting i ørkenen, vidare til helande og lindrande gjerning i verda og til slutt gjennom liding og død til oppstode og himmelferd.

Slik Anden stadfestar Jesus som Guds Son i dåpen, slik gjer Anden oss til Guds born i vår dåp. Og slik Jesus blir ført av Anden gjennom både freisting, liv og død, slik har også vi ein medvandrar og ei kjelde til liv alle våre dagar, heilt inn i æva. Jan Ove Ulstein skildrar denne kjelda vakkert i sin salme Den botnlause kjelda frå 2003:

«Den botnlause kjelda er opna. Med djupare djup enn eit havPå krossen brast hjartet av kjærleik. Og nåden flyt ut av ei grav.Her vi ligg ved det rennande vatnet. På kne for å sløkkje vår tørstMed stripete tårer av anger. Og glade; du elska oss førstVi undrar oss over din nåde. Han holar ut berga av skam.Lar isberga breste i klage. Og sakte spring kjelda vår fram.Her vi sit ved det rennande vatnet. Du reiser oss først opp på kneDet stig som ei sevje i kroppen. Du gir oss ei ånd til å be.Vi ropar som hjorten i tørste. Vi drikk og vi ropar på ny.For djupaste straum er din nåde. Din gråt er den mørkaste sky.Her vi står ved rennande vatnet. Vi drikk av di kjelde kvar supEin kjærleik stod opp frå dei døde. Han kjem frå det djupaste djup.»

Signa helg!

Sokneprest Arne Moltubak

13 Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»

Matt 3,13-17

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret