Personvern

Personopplysninger

 

Informasjon August-23

 

Kjære konfirmant og føresette!

 

Vel overstått sommar! Haustsemesteret er i gang og vi er glade for at de har valt konfirmasjon i Den norske kyrkja.

Nesten alle har no gjennomført innmelding og registrering på www.ikyrkja.no. Dette er viktig for at vi kan sende ut informasjon på e-post og sms-varsling i tråd med GDPR-reglane. Informasjonen vil også ligge på www.ikyrkja.no, Konfirmant. 

 

Avspark på Sæbø laurdag 2. september kl.13.30- 16.45

Avspark er den offisielle opninga i konfirmantåret. Der møtest alle konfirmantane frå Vartdal, Ørsta og Hjørundfjord. Konfirmantane vert delt i to grupper: Gruppe 1 startar med undervisning i og rundt kyrkja, gruppe 2 har leikar og aktivitetar i gymsalen. I pausen blir det eit pølsemåltid, før gruppene byttar aktivitetar. 

 

Presentasjonsgudsteneste: 

Konfirmantar i Vartdal kyrkje:  Søndag 27.8 kl 19.30.

Konfirmantar i Hjørundfjord kyrkje: Søndag 10.9. kl 11.00.

 

I presentasjonsgudstenesta vert klassa og konfirmantane presentert for kyrkjelyden. Namnet til kvar enkelt konfirmant vert lest opp og konfirmanten tenner eit lys i lysgloben. I tillegg får dei utdelt konfirmantbibelen.

 

Konfirmantundervisninga startar opp i september. På Sæbø er undervisninga i Hjørundfjord kyrkje eller på bedehuset. På Vartdal er undervisninga i Vartdal kyrkje. Det er viktig at konfirmantane tek ansvar for å følge med og møte opp. Vi kjem til å hjelpe til ved å sende sms til konfirmanten og føresette dagen før. Når konfirmantane kjem til undervisning vil dei få eit enkelt måltid og treng dermed ikkje kjøpe mat og drikke på butikken før dei kjem.

Foreldremøte: Vi vil invitere til foreldremøte same dagen som konfirmantane har sin første undervisning. På møtet vil vi informere om konfirmantåret og ha god tid til å svare på spørsmål frå dykk føresette.

Klokkarteneste: Alle konfirmantane skal vere med på klokkarteneste, der dei hjelper til med praktiske oppgåver i gudstenesta. Fleire konfirmantar skal delta i lag. Oversikt over klokkarteneste med dato og gruppeinndeling får konfirmantane på den første undervisningstimen. Når konfirmanten har klokkarteneste bed vi nokre av foreldra/føresette om å lage til kaffi/kjeks/kake til kyrkjekaffien etter gudstenesta.

 

Hjelp frå foreldre og føresette: Konfirmantåret er også eit dugnadsår, og vi treng alltid ein del hjelp frå dykk føresette. Vi kjem til å be om hjelp til matlaging og trafikkvakt på Avspark, kyrkjekaffi,  nattevakt på konfirmantleir, mm. I tillegg skal alle konfirmantane ha med seg ein føresett eller annan vaksen på Fasteaksjonen i samarbeid med Kirkens Nødhjelp neste år.

 

Vi gler oss alle til eit spennande år i lag med dykk!

 

Beste helsing, på vegne av alle konfirmantleiarane: Caroline Sefu, kateket.

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret