Personvern

Personopplysninger

 

Informasjon August-23

 Kjære konfirmant og føresette!

 

Vel overstått sommar! Haustsemesteret er i gang og vi er glade for at de har valt konfirmasjon i Den norske kyrkja.

Nesten alle har no gjennomført innmelding og registrering på www.ikyrkja.no. Dette er viktig for at vi kan sende ut informasjon på e-post og sms-varsling i tråd med GDPR-reglane. Informasjonen vil også ligge på www.ikyrkja.no, Konfirmant. 

 

Avspark på Sæbø laurdag 2. september kl.13.30- 16.45

Avspark er den offisielle opninga i konfirmantåret. Der møtast alle konfirmantane frå Vartdal, Ørsta og Hjørundfjord. Konfirmantane vert delt i to grupper: Gruppe 1 startar med undervisning i og rundt kyrkja, gruppe 2 har leikar og aktivitetar i gymsalen. I pausen blir det eit pølsemåltid, før gruppene byttar aktivitetar. 

Presentasjonsgudstenester: 

Søn 3.09.   kl 11.00 Ørsta kyrkje: Klasse 9A og 9B.

Søn 10.09. kl 11:00 Ørsta kyrkje: Klasse 9C og 9D.

Søn 17.09  kl 11.00 Ørsta kyrkje: Klasse 9E og 9F.

I presentasjonsgudstenesta vert klassa og konfirmantane presentert for kyrkjelyden. Namnet til kvar enkelt konfirmant vert lest opp. Konfirmanten får utdelt konfirmantbibel og tenner eit lys i lysgloben. 

 

Konfirmantundervisninga startar opp i september. I Ørsta er undervisninga anten i kyrkja eller i undervisningssalen i Vikegata 5a, 2.etasje. Det er viktig at konfirmantane tek ansvar for å følge med og møte opp. Vi kjem til å hjelpe til ved å sende sms til konfirmanten og føresette dagen før. Før undervisninga tek til får konfirmantane eit enkelt måltid. Maten er inkludert i kontingenten, og dei treng ikkje kjøpe mat og drikke på butikken før dei kjem. 

Faktura for konfirmantåret blir sendt ut i løpet av hausten.

Foreldremøte: Det vert foreldremøte i løpet av veka etter konfirmantpresentasjon. Sjå elles  vedlagt kalender for datoar framover. På foreldremøtet vil vi informere om konfirmantåret og ha god tid til å svare på spørsmål frå dykk føresette.

Klokkarteneste: Alle konfirmantane skal vere med på klokkarteneste, der dei hjelper til med praktiske oppgåver i gudstenesta. Fleire konfirmantar skal delta i lag. Sjå oversikt over klokkarteneste med dato og gruppeinndeling lagt ved e-posten. Når konfirmanten har klokkarteneste bed vi nokre av foreldra/føresette om å lage til kaffi/kjeks/kake til kyrkjekaffien etter gudstenesta. 

 

Hjelp frå foreldre og føresette: Konfirmantåret er også eit dugnadsår, og vi treng alltid ein del hjelp frå dykk føresette. Vi kjem til å be om hjelp til matlaging og trafikkvakt på Avspark, kyrkjekaffi,  nattevakt på konfirmantleir, mm. I tillegg skal alle konfirmantane ha med seg ein føresett eller annan vaksen på Fasteaksjonen i samarbeid med Kirkens Nødhjelp neste år.

 

Vi gler oss alle til eit spennande år i lag med dykk!

Beste helsing, på vegne av alle konfirmantleiarane: Caroline Sefu, kateket.  

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret