Personvern

Personopplysninger

 

Informasjon Januar-24

Kjære konfirmantar og foreldre

No er vi allereie komne halvvegs i konfirmantåret, og alle klassene er godt i gang med konfirmantundervisninga. Gudstenestekurs og tre undervisningstema er gjennomførte. Dei fleste konfirmantane er godt i gang med å møte opp til sjølvalde gudstenester. Vi som arbeider med konfirmantundervisninga, synest samlingane har gått veldig bra, og vi har hatt det kjekt i lag med dykk. De er ein flott gjeng!

 

Kontaktinformasjon

Det er viktig at vi heile tida har rett kontaktinformasjon. Dersom du har mistanke om at vi har feil mobilnummer/e-postadresse til konfirmant eller føresette, bed vi om ei tilbakemelding snarast. Vi sender gjerne påminningar og meldingar på SMS, medan lengre meldingar kjem på e-post. Då sender vi til både foreldre og konfirmantar. Sjekk søppelposten også og sei ifrå om de ikkje mottek anten e-post eller melding frå oss.

 

Gudstenester

Konfirmantane skal i løpet av konfirmantåret gå til minst 9 gudstenester totalt:

  1. Presentasjonsgudsteneste.
  2. Gudsteneste med klokkar-oppgåver.
  3. Lysmesse
  4. På konfirmantleir vert det ei obligatorisk gudsteneste som avslutning.
  5. Fire gudstenester som du sjølv veljer.
  6. Den niande gudstenesta er sjølve konfirmasjonsdagen.

 

Følg med i gudstenestelista i Møre-Nytt og på www.iKyrkja.no.

Hugs å melde deg på slutten av gudstenesta slik at du blir registrert i oppmøtepermen!

Dersom konfirmanten av ein eller annan grunn ikkje har vore til stades på dei gudstenestene dei skal, må dei sjølv syte for å gå til ei anna i staden, slik at du totalt kjem opp i 9 gudstenester. Har de vore på gudsteneste ein annan stad, skal de få med ein kvittert lapp frå den kyrkja de har besøkt. Dette vert godkjend som oppmøte til gudsteneste og vert ført inn i mappa hos oss.

 

 

Klokkarteneste

Konfirmantane har vore flinke til å møte opp til klokkarteneste. Konfirmantane som hjelper til i gudstenesta gjer ei viktig oppgåve. Skal ein bytte søndag, må ein bytte med nokon andre. Konfirmantar og foreldre/føresette mottek ein e-post med datoar for klokkartenest

Leir

Det vert konfirmantleir på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik i vinterferien. Der er ikkje plass til alle på éin gong, så de blir delte i to grupper slik:

9A+ 9B + 9C + Vartdal blir med på leir nr. 1, frå laurdag 17. til måndag 19. februar.

9D + 9E +9F + Hjørundfjord blir med på leir nr. 2, frå måndag 19. til onsdag 21. februar.

 

-> Nattevakter på leir

På leir er vi avhengige av at føresette stiller som nattevakter. Vi utfordrar dykk til å tenke over kva natt som kan passe. Det er to vakter pr. natt, frå kl. 23-03.45 og frå kl. 03.30-08.15, men kjempefint om nokon kan tenke seg å ta ei heil natt. Det skal truleg vere 3-4 foreldre på kvart skift. Til saman skal vi vere på leir i 2x2 netter, og vi har 28 vakter å fylle opp! Vi vil etter nyttår sende ut e-post med invitasjon om å melde seg som nattevakt.

 

Fasteaksjonen 2024

Tysdag 19. mars er det klart for årets Fasteaksjon i samarbeid med Kirkens Nødhjelp, den nest største dør-til-dør-aksjonen i Noreg! Fasteaksjonen  brukar å vere ein del av konfirmantopplegget i Ørsta. Vi sender e-post med meir informasjon om formatet på årets fasteaksjon.

 

Konfirmantlaurdag 2024

Laurdag 9. eller 16.mars vert det undervisning for alle konfirmantar på bedehuset i Ørsta. Vi vil da ha undervisning om Kirkens Nødhjelp (KN) og årets fasteaksjon med oppstart 13.30 og vil halde på fram til kl.16.00. Det kjem nokon frå KN som skal vere med å leie opplegget. Vi får vite over nyttår kva dato som passer best for dei. Da sender vi ei melding til dykk. Imens kan de av halde begge datoane til undervisninga.

 

Konfirmasjonsdagen

Det kjem eit eige skriv når det nærmar seg konfirmasjon, med meir informasjon om fotografering og øving osv.

 

Konfirmantavgift

Hugs å betale konfirmantavgifta som vart send på e-post i november. Har de problem med å betale, ver venleg å ta kontakt med oss på kyrkjekontoret.

 

Frammøte

Minner om at alle konfirmantarrangement er obligatoriske. Gje beskjed på førehand om du veit at du vert vekke, så får vi avtalt korleis det kan takast igjen.

 

Vi gler oss til å møte dykk igjen!

Helsing frå alle konfirmantmedarbeidaraneJ

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret