Personvern

Personopplysninger

 

 Normisjon

Misjonsforeiningar- Normisjon




Skorgeurda Normisjon

Fakta:
  • Skorgeurda Misjonsforeining held til på Nørestranda. Møtestad går på omgang i heimane til medlemene.
  • Foreininga har no 14 medlemer i alderen 50 til 80 år, men det er sjeldan alle kan møte kvar gong.
  • Tida frå september til mai møtest vi annankvar tysdag kl. 20.00 til ca. 22.30. Samlar inn pengar til Normisjon sitt arbeid. Denne hausten vert første samlinga tysdag 9. september heime hjå formann.
  • Foreiningane opnar med song og ei andakt. Det vert lese opp brev frå misjonærar som vi har kontakt med, eller brev frå organisasjonen. Ei god matykt med prat over kaffikoppen høyrer med.
  • Det vert gjerne lese frå Agende 3.16, som er Normisjon sitt blad. Andre gongar les ein frå ei bok, medan andre svingar strikkepinnane, eller let hendene kvile.
  • Kvart år held vi basar på Lystad Bedehus, ein gong på nyåret.
Kontaktperson:

Hovdebygda santalforeining:

Fakta:
  • Hovdebygda Santalforeining vart skipa i 1924, og har dermed vore ei aktiv misjonsforeining i 84 år.
  • Fram til samanslåinga med Indremisjonsselkapet var arbeidet berre retta mot ytremisjon. etter Normisjon vart oppretta, har misjonen hatt Arbeid mellom born og unge også her i Noreg.
  • Foreininga har for tida 8 medlemer, og møta er annankvar måndag frå september og ut mai.
  • Ein samlast anten på Hovdebygda bedehus eller heime hjå medlemane. fyrste samling var 1. september.
Kontaktperson: Inger Fagerhol er leiar i foreininga, og har vore det i snart 20 år.

Be for:
Normisjon sine folkehøgskular og leirstadar.
Gå Ut- senteret (normisjon sin bibel og misjonsskule).
Misjonsarbeidetpå dei ulike felta til Normisjon.