Personvern

Personopplysninger

 

NML-foreining


Fremad-NML

Ei kvinneforeining for Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Den vart skipa av Hansine Ørstavik då ho kom heim frå Kina like før 2. verdskrig startar. Karen Ragnhild Marøy var då ei lita jente og var med mor si på dei første møta. Foreininga er såleis ca. 70 år.


Fakta:
  • Me har samlast ein eller to gongar for månaden . Møta har gått på omgong i heimane til medlemene.
  • På det meste har me vore opp mot 30 medlemer - no berre 5, og me er skikkeleg gamle - frå 80 til 84 år.
  • På samlingane våre har me hatt eit enkelt måltid, halde andakt, lese misjonslitteratur og samtala om aktuelle ting.
  • På samlingane har me òg gjeve kollekt til NLM.