Personvern

Personopplysninger

 

Nye sorggrupper

Nye sorggrupper
I over eit år har vi samlast i ei gruppe på 8. For å dele erfaringar . lytte til kvarandre , og vere til hjelp for kvarandre.
” Det beste med å vere med i ei slik gruppe er er å møte andre som har det som meg. Eg treng ikkje seie så mykje , eg merkar at vi er på same frekvens ” Slik fall orda sist veke då vi var samla.


Vi veit at sorg ikkje er sjukdom. Sorg er ein naturleg reaksjon på tap. Vi har mange slags sorger og tap. Det aller tyngste er å gå åleine med våre sorger. Vi veit at sorg treng tid. Det har kanskje gått nokre veker eller månader. Då forventar mange i omgjevnadane at alt skal vere normalt og at sorga er forbi.

Då er det mange sørgande som opplever seg meir åleine enn nokon gong. Heldigvis opplever vi at naboar, kollegaer og familie er tilstor hjelp og støtte. Men av og til er det godt å ha andre å gå til, ein stad ein kan kjenne seg trygg og snakke om det som har hendt, og om korleis vi har det akkurat no.
For at vi ikkje skal bruke opp dei som står oss aller nærast.
Då kan ei sorggruppe vere til stor hjelp. Der deler vi det meste - alt frå daglegdagse trivielle erfaringar til spørsmål og tankar som surrar i hovudet. Vi får både le og gråte i lag.
Det er litt rart å seie det, men faktisk kan vi ha det ganske kjekt i lag i ei slik gruppe.

No vil vi starte ei gruppe eller to til. Og ver ikkje redd å ta kontakt.
Du kan ringe Matias på tlf 906 74 645, Arne tlf 90674942, Gudrun 41107007.
Vi snakkast !
MA.

Matias Austrheim
tlf: 90674645
Gudrun Thokle
tlf:
97523712

Kyrkjekontoret
tlf: 70048640