Personvern

Personopplysninger

 

 Ten Sing


Ten Sing

http://tensing.uppheim.net/  


Ørsta-Volda Ten Sing er eit kristent ungdomstilbod som kombinerer mange ulike aktivitetar. Gjennom kor, dans, drama, band, lydteknikk og styrearbeid får ungdommane høve til å utfalde seg kreativt.

Kvar tysdag (fyl skuleruta så det er ikkje i feriar og høgtider) samlast ca. 35-50 ungdommar mellom 13-19 år til Ten Sing-øving på Uppheim i Volda (KFUK-KFUM sitt hus). Øvingane byrjar kl 18.30 og er ferdig kl. 21.00.

Dørene vert opna kl 18.00, så om du kjem med buss frå Ørsta/Vartdal, så slepp du å vente ute! – dette gir deg òg høve til å skravle med dei andre før øvinga byrjar…

Øvinga:
Øvinga startar som regel med kor. Under sjølve korøvinga lærer vi nye og/eller friskar opp gamle songar. I løpet av eit år i Ten Sing er vi innom mange ulike sjangrar; rock, pop, hip hop, salmar, gospel med meir. I år syng me blant anna desse songane: Boulevard of broken dreams, In my dreams, Call on Jesus, Splitter pine og What if I stumble.

Øvinga ser til vanleg slik ut:
18.30 Kor og band
19.30 Pause med kiosk
19.45 Kor og band eller grupper (dans og drama) og band
20.50 Andakt
21.00 Takk for i dag!

Styret
Det er viktig at Ten Sing er eit tilbod som blir drive for og av ungdom. Styret vårt består av handlekraftige og dyktige ungdom. Det er ei god blanding av medlemmer frå Volda og Ørsta. I styret vert dei fleste avgjerdene tatt.


Konsert
I løpet av året lager vi ein konsert i fellesskap, som vi visar til foreldre og vener på våren. I år vert den truleg i mai. I fjor fikk vi vise dette showet to gongar, ein gong på Uppheim i Volda og ein gong på Kaihuset i Ørsta. Nokre gonger i året deltek vi på t.d. Ung Messe i Ørsta kyrkje og på Gospelmesse i Volda kyrkje. Her viser vi fram noko av det vi har øvd på for dei frammøtte.

Turar
I løpet av året reiser Ten Sing på fleire ulike turar. Vi reiser både kort og langt. I år gjekk den kortaste turen til Hjartåbygda der vi hadde ei bli-kjent-helg. Det store turmålet dette året er Danmark! I Danmark skal vi delta på ein internasjonal Ten Sing-festival. Der vil vi få møte ungdom frå heile Europa. Det vert artig! Neste sommar står TT-06 (Tenårings Treff) for tur. Bli med i Ten Sing, og du får oppleve masse kjekt!

VT-06
VT, eller VinterTreff om du vil, arrangerast kvart einaste år. Det er eit treff som arrangerast av KFUK-KFUM i Møre og Romsdal. Der samlast alle ungdom som er tilknytta organisasjonen seg. I år skal VT arrangerast i Volda(!) og Ten Sing er med både å planleggje og gjennomføre dette. I fjor var VT i Kristiansund. Her var sjølvsagt også Volda og Ørsta Ten Sing med. Me fekk syngje på storscena framfor 800 deltakarar, det var volleyball- og innebandyturneringar og elles mange kjekke folk å treffe. VT er kjempekjekt!! Sett av datoen 10. - 12. februar 2006, - dette bør du ikkje gå glipp av!

Forum
Ten Sing har eit eige forum. Om du vil kan du gjerne besøke det, og stille Ten Singarane spørsmål der. J

Om du ynskjer å vere med i Ørsta-Volda Ten Sing, så er du hjarteleg velkomen! Kom på Uppheim tysdagar klokka 18.30! Vi har plass til alle!


Buss:
Vartdal -> Volda: klokka 17.10
Ørsta -> Volda: klokka 17.35
Volda -> Ørsta og Vartdal: klokka 21.00

Spørsmål? Kontakt:

Leiar
Anne-Marit Bae Strand
Mobil 48126285
ambs72@start.no

Andre leiarar: Karoline Rånes Tommelstad. Styreleiar er Elise Søvik.
Dirigentane er: Elise Søvik, Aurora Stråbø, Mathilde Orlien og Mathias Skurtveit.