Personvern

Personopplysninger

 

Speidaropptaking

Torsdag 19. november hadde oppdagarane speidarmøte i kyrkja. Det var opptak av nye speidarar, oppdagingsferd på loftet i kyrkja, og øving til speidargudstenesta 1. søndag i advent.
Bilde kjem snart, me har førebels hatt problem med tilgang til datanettverket. Speidarane fekk skjerf, og eit steinmerke til å sy på skjerfet. Det fekk dei fordi dei har arbeidd med steinar i haust. Steinane dei har funne hadde bokstavar som til saman vart ordet JESUS. Me snakka litt om Jesus og jula og tende lys i lysgloben frå det store Jesus-lyset. Gled dykk til fine bilde!