Personvern

Personopplysninger

 

Kontingent

KFUK-KFUM SPEIDARANE KONTINGENT FOR 2008/2009

Me er no godt i gong med eit nytt arbeidsår for både gamle og nye speidarar. Det inneber møte og turar for både oppdagarar (2-3. klasse), stifinnarar (4-5.klasse), vandrarar (6-10.klasse) og roverar (min. 16 år).

Det er no innført nye skjerf som alle vil få i haust. Alle vil også få kvar si medlemsbok som dei kan ha i heile speidartida.. I tillegg kan dei leige speidarskjorte av gruppa for 180 kr, eller evt kjøpe sjølv (355 kr born ) (vaksne 395) gjennom oss eller på internett. Medlemar får også tilsendt eit speidarblad.

Organisasjonen vår driv m.a leiaropplæring, planlegg leirar, lagar speidarblad og arrangerer ulike kurs. Til drift i krins og eigne grupper lokalt har me også behov for midlar til å drive for.

Me vil gjerne hjelpe til med å gi born og ungdomar verdifull ballast i livet gjennom ulike aktivitetar, fellesskap, natur og Guds ord.

Medlemskontingenten som me bed om er tredelt:
Om lag halvparten går til organisasjonen sentralt
Sunnmøre krins skal ha 50 kr pr medlem
Resten til vår eiga gruppe i Ørsta

Kontingenten vert då slik for 2008/2009:

Kr 520 pr speidar med 1 medlem i familien
Kr 420 pr speidar med 2 medlemar i familien
Kr 320 pr speidar med 3 medlemar i familien
Kr 270 pr speidar med 4 eller fleire medlemar i familien
Kr 270 for leiarar/roverar

I medlemskontingenten er det inkludert ei forsikring for medlemane på turar arrangert av oss.

Betalingsfristen er 10.11.2008.

For oss er det viktig at den vert overhalden fordi me får statsstøtte etter antal betalande medlemar som me rapporterar inn i midten av november. Me kan då få over 100 kr pr medlem i såkalla Frifondmidlar.

Betaling til kontonr 3992 30 47011

Ørsta KFUK-KFUM speidarar
V/kasserar Trine Sørheim Skjeret
Osgeila 16
6150 Ørsta

NB: Husk å skrive namnet til den/dei medlemane betalinga gjeld.

Ørsta, 23.10.08

Ved spørsmål angåande kontingent ring Hans Olav Øyehaug
700 67300/991 67300.

Leiarane