Personvern

Personopplysninger

 

 Hj.fjord kyrkje



Hjørundfjord kyrkje


Koret i Hjørundfjord kyrkje


Hjørundfjord kyrkje, Sæbø, er ei langkyrkje i nygotisk stil bygd i 1880 i tre med 480 sitjeplassar. Arkitekt var Henrik Nissen.


Gamlekyrkja vart rive kort tid etter innviinga av den nye kyrkja. Material og mykje inventar vart selt på auksjon. Lite av inventaret frå den gamle kyrkja vart teke med over i den nye. Kyrkja skulle vere stilrein og moderne. Døypefonten, ei lysekrune og ein Kristus-figur i gips, samt 2 messinglysestakar frå 1694, lysarmen ved preikestolen frå 1699 og kyrkjeklokkene vart teke med frå gamlekyrkja. Den einaste større nye prydnaden i kyrkja var altartavla malt av målaren Chr. Bruun. Ei råme i nygotisk stil vart laga rundt målarstykket og ei ny lysekrone vart innkjøpt. Kyrkja fekk orgel i 1913 og ny kyrkjeklokke i 1918. Den gamle altartavla, der kjernen er eit altarskåp frå tidleg på 1500-talet, vart henta ned frå galleriet i 1914, restaurert av Lars Kinsarvik og plassert over dåpssakristidøra. I 1950 vart kyrkja utsmykka innvendes med nye glasmåleri laga av kunstmålaren Jørgen Skaare. Restaureringa heldt fram til 80-års høgtida i 1960. No vart altartavla igjen plassert over altaret. I 1970 starta ei ny vøling av kyrkja. Nytt orgel vart montert i 1973.

(Kjelde: Standal, Ragnar: Hjørundfjord kyrkje 1880-1980).



Adresse:
Ørsta kyrkjekontor
Vikegata 5, 6150 Ørsta

Gjer vel og avtale tid pr tlf.!

Spr. Espen Aarseth: 91394268
Tlf. Ørsta kyrkjekontor: 70048640
Hj.fj. kyrkje: 700 40022

e-post til kontoret

e-post til soknepresten