Personvern

Personopplysninger

 

Reglar og prisar

Reglar for konfirmasjonstid i Ørsta

KONFIRMANTEN:
Konfirmanten må delta aktivt i konfirmantopplegget. Utdelt materiell må takast med på samlingane. Det vert forventa at konfirmanten fylgjer vanleg folkeskikk og rettar seg etter dei reglar som vert sett til det beste for gruppa.

Samlingane og gudstenestene skalvere prega av ro, orden og respekt. Mobbing vert ikkje tolerert.

FRAMMØTE:
Det er forventa at ein prioriterer konfirmantopplegget dette året. Alle arrangementa i konfirmasjonstida er obligatoriske. Om nokon vert forhindra frå å møte, må føresette gi melding i forkant og så snart som råd. Send gjerne ein e-post. Fråver må takast igjen før konfirmasjonen kan gjennomførast.

FORELDRE/FØRESETTE:
Det vert arrangert informasjonsmøte i kyrkja tidleg på hausten. Her får de viktig informasjon om konfirmantåret, og det vert høve til å stille spørsmål. Det er viktig at alle heimar er representerte her.

Informasjon får de elles gjennom nettstaden www.iKyrkja.no, og gjennom brev til heimen to-fire gonger i løpet av året. Ta også gjerne kontakt med kateketen og kyrkjekontoret om det er noko de lurer på. 700 48640

I konfirmanttida treng me mange vaksne medhjelparar, t.d. under nokre konfirmantarrangement, nattevakter på leiren og brannvakter ved enkelte arrangement i kyrkja. Foreldra vert utfordra til å vere med og hjelpe til.

Me inviterer også foreldre/føresette til å vere med konfirmanten sin på gudstenester.

KOSTNAD:
For at me skal kunne gi tilbod om eit godt og variert konfirmantopplegg, er me nøydde til å ta ei viss deltakaravgift.  Giro vert sendt ut på hausten.

Avgifta dekkjer undervisningsmateriell, mat og opphald på leir og andre samlingar, kappeleige o.a.

Om nokon har problem med å betale, er det berre å ta kontakt.

KYRKJA:
Frå kyrkja si side vil me gjere det me kan for at alle skal trivast og oppleve eit godt læringsmiljø. 

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret