Personvern

Personopplysninger

 

Speidarane møttest på Brekkeheida

Speidarane møttest på Brekkeheida
Sist søndag hadde KFUK-KFUM speidartroppene frå Ørsta og Volda
stemnemøte på Brekkeheida.

Etter tradisjonen så brukar dei å telje opp talet på ørstingar og voldingar.
I år traff det seg slik at resultatet vart 57-57, altså over hundre samla på Brekkeheida.
Med vakker utsikt over ”ørstabyen”, naut folk både termosen og matpakken, og det på ein sjeldan dag heilt utan regn.

Speidarleiar Bjørn Erik hadde drassa med seg gitar til fjells. Dermed vart det flott akkompagnement til allsongen som ramma inn andakten som Rolf Dyrhol heldt. Den var spunne over teksta for dagen, om ein av ti spedalske som kom tilbake for å takke. Mange vegar fører til Brekkeheida, og mange vegar fører nedatt.

Folk tok seg avgarde i alle retningar.

Bilete frå turen: