Personvern

Personopplysninger

 

Ein sprell levande onsdagsklubb på Vartdalstranda

Ein sprell levande onsdagsklubb på Vartdalstranda

Denne hausten har Vartdal sokneråd starta opp igjen onsdagsklubben
for born i alderen 4 – 10 år.
Dette er kyrkjelyden på Vartdal sitt bidrag til trusopplæringa i soknet, i lag med ungdomsklubben i Barstadvika.

På bilete ser me frå ein gong kantor Marie var der å sette i gong synging!

Annankvar onsdag møtast vi på Varden, på Nordre Vartdal. 15-20 born har funne vegen til eit varmt og godt ungdomshus midt på Vartdalstranda. 3-4 frivillige vaksne tek i mot borna som får fine klistremerker i oppmøtekortet sitt. Vi har gjennom songar og forteljingar fått bli betre kjend med Gud og Jesus. Fokus for samlingane er å få god kontakt med borna og la dei få undre seg over dei spennande historiene i Bibelen. Sidan vi har god boltreplass på Varden får vi òg tid til å leike litt i lag.

No i desember avslutta vi med å sjå teiknefilm frå då Jesus vart født. Ei kjend historie som gjorde inntrykk på både små og store. Til slutt drakk vi kakao og åt julemenn. Marine Harvest, Ytre Standal sponsa dette.

Dersom nokre foreldre kan tenkje seg å vere til stades, gjerne på omgang, ville vi vore svært glade. Foreldra kan då få innspel til vidare samtale med borna sine og dermed gi meir av det dei vart oppmoda om å gjere under dåpsseremonien.

18. januar startar vi opp att. Då håper vi mange kjem!

1. februar får vi besøk av søndagsskulekonsulenten, Helge Åkernes. Han vil ha samlinga for borna og inspirere leiarane i etterkant.

På vegne av dei vaksne ynskjer vi ei god adventstid og julehøgtid for alle.

Irma Håvoll Sætre

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret


Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred