Personvern

Personopplysninger

 

Om tårnagenthelg, Ørsta

 Kjære foreldre / føresette til 3. klassing

Bli med på Tårnagenthelg!

Me inviterer alle 3.klassingar som har lyst til å bli Tårnagentar og vere med på Tårnagenthelg i Ørsta kyrkje.

Nedanfor finn ein siste innbydelser utsendt:

 
Opptak til Tårnagent 2021

Kjære 3.klassing og foreldre/føresette:

Opptak til Tårnagent! 2021

Det er tid for Tårnagentoppdrag.Vi har nokre mysterier å løyse.Kven er det som går rundt kyrkja med ein pose frø og kva er det han vil?

Vi treng nokon som er klar til å bruke sansane sine og finne ut av dette. Kanskje kan akkurat du hjelpe oss til å løyse dette og andre mysterier som vi ikkje har forklaring på?

→ Les mer

Ver med på Tårnagenthelg!

Laurdag 03. og søndag 04. februar 2018 inviterer vi alle 3.klassingar som har lyst til å bli Tårnagentar og vere med på Tårnagenthelg i Ørsta kyrkje. 

Tårnagentane skal leite etter gøymde symbol i kyrkja og inspisere kyrkjetårnet og klokkene. Kanskje finn dei noko hemmeleg? 

→ Les mer


Kanskje har de sett programma om Tårnagentane på Julemorgen på NRK super tidlegare? No inviterer me til Tårnagenthelg i Ørsta! Over 600 kyrkjelydar i Noreg arrangerte Tårnagenthelg i 2011 og 2012. Det gjorde me også i Ørsta, og me vil ta opp att suksessen i år.

Tårnagentane skal utforske kyrkja, Bibelen, tårnet og klokkene. Agentane vil gjennom desse dagane måtte løyse oppdrag og mysterium, og noko av det dei finn ut, vil dei presentere på gudstenesta søndagen.

Alle agentane bur heime, men vil vere i lag i kyrkja både laurdag og søndag. Agentane møtest i kyrkja laurdag 12. januar kl 15:00, og skal vere i lag til kl 20:00.

Søndag treffest vi igjen kl 10:00 og held på til kyrkjekaffien er ferdig ca kl 13:00.

 
 
 Kvifor får du dette brevet?

Sjølvsagt fordi du skal få lyst til å sende ditt barn på Tårnagenthelg. Men også fordi me treng mange hjelparar til eit så stort arrangement (i fjor var 43 Tårnagentar med). De foreldre er ein heilt nødvendig ressurs, fordi de kjenner mange av borna. Håper de kan melde dykk på som hjelparar på innmeldinga på nettsidene, eller ta kontakt med Betty Søvik på kontoret.

Kyrkjekontoret ligg i Vikegata 5 (3. etasje, same inngang som MTT-senteret/Anders Myklebust).

Sjå www.tarnagenthelg.no for meir informasjon og inspirasjon til tårnagenthelga. Tårnagentane har også si eiga nettside, www.tarnagent.no

Helsing frå Ørsta kyrkjelyd ved kateketvikar Caroline Sefu, sokneprest Arne Moltubak

E-post: caroline.sefu@orsta.kyrkja.no

Telefon på kyrkjekontoret: 70048647
  
 

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret