Personvern

Personopplysninger

 

FØREMIDDAGSTREFF FOR HEILE VARTDALSTRANDA

FØREMIDDAGSTREFF FOR HEILE VARTDALSTRANDA
Komande tysdag, 17. april klokka 11,  vert det føremiddagstreff for heile Vartdalstranda igjen. Her er både yngre og eldre velkomne, frå alle bygdene på Vartdaldalstranda og bygdene rundt. Denne gongen er treffstaden Vartdal helsetun, i stova ved hovudinngangen.

Her vert det servert kaffi og noko å bite i, og det vert litt program. Det er kjekt å kome saman og treffast, og når treffstaden vert lagd til helsetunet, kan endå  fleire få høve til å vere med.

Rasmus Tunheim vil vere med på treffet og han vil halde ei lita andakt. Han er frå Ørsta og har tidlegare mellom anna vore lærar på Ørsta ungdomsskule. Ein annan ørsting, Leif Langdal, er kjend for mellom anna å spele kyrkjeorgel. Han kan også traktere pianoet og vil spele til allsongen. Saman med diakon Knut Stave kan vi også rekne med at det vert noko meir musikk...  

Så vert det ikkje skikkeleg føremiddagstreff utan at ein får tid til å ”treffast”. Det er viktig, og det vert god tid til å setje seg ned og ta ein prat over ein kopp kaffi, og noko å bite i. Dette er ikkje eit treff berre for dei som bur på helsetunet, så ver velkomne til treff både frå nord og sør på Vartdal-stranda, eller frå Ørsta for den saks skuld. Kanskje kjenner du nokon du kan invitere med deg på treff?

For somme kan det nok av ulike grunnar vere vanskeleg å kome seg av garde, medan andre gjerne har lang veg. Kanskje nokre av dykk har ein nabo eller kjenner nokon som treng skyss. Det går an å slå seg ilag å køyre til treff, når ein berre finn tak i kvarandre... Det er vel gjerne flest i aldersgruppa 60+ som har fri på denne tida av dagen, men alle andre som har tid og lyst er også velkomne.

Då treffast vi altså på Vartdal helsetun, tysdag, førstkomande, kl. 11.00 (annonse i Møre Nytt laurdag).

ALLE ER VELKOMNE!!

Vartdal sokneråd og diakon Knut Stave