Personvern

Personopplysninger

 

Føremiddagstreff på Bakkola

Føremiddagstreff på Bakkola
BESØK AV 2B FRÅ VELLE SKULE
No er våren her, og på Vårtreffet til Føremiddagstreffa sist torsdag, kom det mange, kjekke skuleborn på besøk.

Det var klasse 2B ved Velle skule som hadde teke seg ein spasertur fram til Bakk-Olamarka for å vere med å opne treffet med tre, fine songar, i lag med kontaktlærar Unni Sætre Hovden. Med liv og lyst framførte dei ’No livnar det i lundar’, ’Do-Re-Mi’ og ’Kom mai du skjønne milde’. Det var tydleg at dei hadde øvd godt på dette på førehand og det var kjempeflott å høyre på dei!

Om våren kan vi gle oss over lyset og varmen som endeleg vinn over mørkret og kulden. Det er ei god årstid og vi håpar på mykje godt vêr. Sokneprest Arne Moltubak  hadde andakta på treffet denne gongen, og han tok tak i nettopp våren som symbol på livet i Kristus og las nokre vers frå Romarbrevet, kapittel 6.

Elles vart det mykje musikk og song på dette treffet, endå til både cello og piano. Bakk-Olamarka er ein fin stad å treffast, og då programmet var ferdig, fekk alle høve til å kjøpe seg potetball, kake og kaffi eller noko anna av den gode maten som er å finne i kantina på Aktivitetssenteret på Bakk-Olamarka.

Dette var det siste treffet før sommaren, men til hausten igjen kan vi vente oss både busstur og fleire, nye føremiddagstreff. Vi sest!

Knut Stave, diakon

Bilete:


Biletet av skuleborna: Det var klasse 2B ved Velle skule som hadde teke seg ein spasertur fram til Bakk-Olamarka. I klasse 2B går: Stine Gjengedal Sætre, Maren Lillevik, Sofie Solhaug Verstad, Mabel Borgen Varpen, Martin Skjåstad Nesset, Sigve Silseth Tømmerbakk, Alma Moe Homme, Andreas Hjellen Tangen, Jenny Ulstein, Ingvild Bratteberg, Håkon Hovden Røbekk, Maren Urke, Karoline Aklestad Naustdal, Simon André Lade, Jenni Bratteberg Aamås, Amanda Langlo Moe, Marie Mo Bergli, Eirik Stave, Sara Fet Mundal og Fredrik Ose Bjørke.

 

Då programmet var ferdig, fekk alle høve til å kjøpe seg potetball, kake og kaffi eller noko anna av den gode maten som er å finne i kantina på Aktivitetssenteret.

 

 Det er fint å ha møteplassar på dagtid, og derfor vert det lagt vekt på det sosiale og praten kring borda.