Personvern

Personopplysninger

 

Hjørundfjord Barnekor

Hjørundfjord Barnekor

Våren er komen og Hjørundfjord Barnekor gler seg til eit nytt år! Likar du å synge? Bli med i koret! Frå 1.klasse og oppover.


Hjørundfjord barnekor 2012

<----Semesterplan i margen til venstre.

Barnefestivalen i Hjørundfjord

Det vart ein strålande Barnefestival på Sæbø og i Hjørundfjord kyrkje 9. juni. Det var nokre dårlege meldingar, men jammen heldt regnet seg vekke så lenge det stod på med arrangement utandørs! 

Flotte og flinke kor var med og sang inne i kyrkja så her var nesten full kyrkje, og Hjørundfjord kyrkje er stor!

Sjå bileta frå denne feiringa.

 Bildeserie

→ Les mer

Velkomen til ein ny haust i Hjørundfjord Barnekor.

Hjørundfjord Barnekor gler seg til ein ny og spanande vår.

På øvingane syng vi artige songar og har forskjellige prosjekt.
Nokre gongar har vi kosekveld: Då leikar vi oss, og så et vi god mat!

Før har Hjørundfjord Barnekor hatt øving kvar mandag på Sæbø bedehus.
No skiftar vi dag. Øving vert kvar torsdag rett etter skuletid: 15.00-16.00.

Har du lyst å vere med å synge i koret? Bli med på øving!
Sjå semesterplanen du finn i margen til vanstre!

Har du spørsmål?
Ta kontakt med dirigent Marie Austrheim.
Tlf: 45235996. Mail: marie_austrheim@hotmail.com

Velkomen til nye og gamle korsongarar!

 

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred