Personvern

Personopplysninger

 

Føremiddagstreff - med glimt frå pilgrimsvandraringar

Føremiddagstreff - med glimt frå pilgrimsvandraringar

- med glimt frå pilgrimsvandraringar i Frankrike og Spania
Komande torsdag ønsker Vartdal sokneråd og diakon Knut Stave velkommen til føremiddagstreff i Vartdal kyrkje igjen. Harald Sætre og Torbjørg Langdal kjem også, og dei har eit fint opplegg som lar oss få oppleve litt av korleis det er å gå pilgrimsvandringar i Frankrike og Spania

 Det er ikkje berre aldersgruppa 60+ som er velkomne på treff, men alle som har fri og høve på denne tida av dagen.

Harald og Bodil Sætre, Reidun Vigestad Berge og Torbjørg Langdal har gjennom fleire år gått på pilgrimsferder sør i Europa. Harald og Torbjørg vil fortelje om ferda dei har gått. Dei starta for fleire år sidan oppe i fjella, sør-vest for Lyon, ein stad som heiter le Puy, i Frankrike.
I fjor kom dei fram til Astorga i Spania, etter å ha gått kring 125 mil, fordelt over fleire år, gjonnom variert landskap. Landevegen har ført dei både over fjell, sletter og gjennom skog, og i år fullfører dei ferda og kjem fram til målet, Santiago de Compostela, vest i Spania.
Når dei er ute og går slik i lang tid: Kor mykje kan dei makte å ta med seg i sekken? Kva gjer dei når det blir dårleg vêr? Kvar søv dei? Og kvifor gjer dei dette? Kanskje kan du få svar på nokre av desse spørsmåla på torsdag i neste veke, på føremiddagstreff i Vartdal kyrkje…

Så vert det ikkje skikkeleg føremiddagstreff utan at ein får tid til å ”treffast”. Det er viktig, så derfor vert det god til å sette seg ned og ta ein prat over ein kopp kaffi, og noko å bite i.

Ver velkommen både frå nord og sør på Vartdal-stranda, eller frå Ørsta for den saks skuld. Kanskje kjenner du nokon du kan invitere med deg på treff? Det er kjekt å ha møteplassar på dagtid. For somme kan det av ulike grunnar vere vanskeleg å kome seg til føremiddagstreff, medan andre gjerne har lang veg. Kanskje nokre av dokker har ein nabo eller kjenner nokon som treng skyss. Det går an å slå seg ilag å køyre saman til treffet, når ein berre finn tak i kvarandre...

Då treffest vi altså i Vartdal kyrkje, torsdag 25. oktober, kl. 11.00. Sjå annonse laurdag som var!

ALLE ER VELKOMNE!!

Helsing Vartdal sokneråd og diakon Knut Stave