Personvern

Personopplysninger

 

Gabriel sitt besøk på Håpets Senter i Paris

Gabriel sitt besøk på Håpets Senter i Paris
Det er tre konfirmantar i Hjørundfjord dette året. Den eine bur faktisk i Frankrike, skal konfirmere seg i Hjørundfjord kyrkje, men fyl eit konfirmantopplegg der han bur.
Han har no vore innom og besøkt Håpets Senter, som er Hjørundfjord kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt. Her får du lese det han skreiv om dette besøket.

BESØK PÅ HÅPETS SENTER 21. oktober 2012

Håpets senter ligg i byen Noisy-Le-Sec, nord-aust for Paris i same bygg som den lutheranske meinigheita Saint Marc.

Ei lita diskret bygning som rømer mykje hjertevarme. Senteret er eit av prosjekta til Det Norske Misjonsselskap, og er også Hjørundfjord kyrkjelyd sitt innsamlingsprosjekt.

Denne bydelen har mange afrikanske innvandrarar, og senteret trer til med hjelp og støtte.
Her kan ein få låne datamaskin med internett, hjelp med å få gjort papirarbeid, leksehjelp på onsdagar, og alfabetiseringskurs på fredagar. På laurdagar er det bibelundervisning, og søndag morgon søndagsskule for dei minste.

Senteret hjelper ofte flyktningar utan papir, sjuke, og ellers dei som treng nokon å prate med.

Leder for senteret gjennom mange år er Norsk Misjonsselskaps misjonær Jean Claude Dibundu. Kona hans, Myriam Dibundu, har utdanning og lang erfaring i språkopplæring som det er stort behov for.

Eg fekk snakke med Guy, som også er knytta til Håpets senter. I veka arbeidar han som installatør for eit kabelselskap, men kvar laurdag og søndag er han på plass på senteret, der han er ledar for ungdomsgruppa som møtes kvar laurdag. Og det er han som plukkar ut songane til Gudstenesta på søndag. Mange av dei unge syng i kyrkjekoret, som her erstattar orgel eller andre instrument.
Dei unge er mellom 13 og 26 år ; mange som kjem hit har høyrt om senteret via vener, det er skjeldan at også til dømes foreldra er tilknytta senteret.

Guy kom til Frankrike frå Cameroun i 2001, og vart kjend med senteret eit par år etterpå, då Terje Håland var prest.
Han er ein av fem ansvarlege; kvar for sitt felt. Av og til bytast dei på for at andre grupper skal få nyte godt av den kompetansen kvar enkelt kan tilby.
Ein gong i året salast dei unge frå forskjellige kyrkjesamfunn for ei langhelg der dei får perfeksjonere seg t.d innan musikk. Reise, kost, og losji er rimeleg, men dei familiene som ikkje har nok pengar får likevel vere med med hjelp frå senteret.

Senteret er opent kvar dag, og er eit viktig og triveleg tilbod for innvandrarane.
Eg takka Guy for den varme velkomsten, og lova å helse kyrkjelyden i Hjørundfjorden !

 

Gabriel.


Ei lita diskre bygning, skriv Gabriel om Håpets Senter i Paris.



Gabriel Egset er konfirmant i Hjørundfjord kyrkje 5. mai 2013. Men han bur i Paris.
Gabriel har vitja Håpets Senter som er Hjørundfjord kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt.
Der har han intervjua Guy som er frivillig medarbeidar på Senteret.
Guy helsar til kyrkjelyden.