Personvern

Personopplysninger

 

Misjonsmesse på Ørsta kulturhus

Misjonsmesse på Ørsta kulturhus

Laurdag 10. november frå klokka 11:00 er dagen for den årlege misjonsmessa til Ørsta kyrkjelyd. Den vert på Ørsta kulturhus, i flatsalen der.

Messa åpnar dørene klokka 11 og stengjer kl 16, trekking av loddbøkene kl 1530.
Her kan ein mellom anna få kjøpe lefser, lodd på loddbok, "aora" og tombola.
I kafeteriaen satsar vi på godt utval i kaker, smørbrød, kaffi, risengrynsgraut
og betasuppe. Her kan ein altså få kjøpe seg både middag, kaffi/kaker og samstundes støtte eit flott prosjekt.
Inntekta av messa går nemlig til Ørsta Kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt som hjelper barn og unge i slummen i Bankok. 
Kl 1330  blir det  ei lita familiesamling der det blir song av barnekor og
andakt v/Martha Vestnes.
Skulle det vere nokon som har ting dei har lyst å gi til utlodding, er vi svært takksame for det. Det kan leverast på kyrkjekontoret i Vikegata 5, eller du kan ringe Gerd-Helen Masdal eller underteikna.
Velkommen til Misjonsmesse, og til å hjelpe fattige barn og unge i Bankok.
                
Misjonsprosjektgruppa i Ørsta Kyrkjelyd, Eli-Kristine Moltu




Frå Matias Austrheim sin artikkel i MøreNytt:

Den siste tida har eg undervist konfirmantane i tema Misjon. Om Jesus som gav oppdraget etter si oppstode, om å gå ut i heile verda med evangeliet. Med ord og forkynning av den glade bodskapen, og i handling og gjerning.
Konfirmantane har sete lyttande og nysgjerrige når eg har fortalt om Vartdal kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt for fattige og naudlidande på Kola, om Hjørundfjord sitt prosjekt i Paris og Ørsta sitt prosjekt i Thailand. 

Misjonsmessa i Ørsta går til Ørsta sokneråd og Ørsta kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i Bangkok i Thailand. Born i slummen får ein ny start på livet gjennom barnehagen og skuleinternatet vi er med og støttar i Thailand.

Det er alle vi som høyrer til Ørsta kyrkjelyd som er med og driv dette store og spennande misjonsprosjektet. Så når du får spørsmål om ta del på ein eller annan måte, selje lodd, bake kake og lefser som skal seljast, gje gevinstar og hjelpe til under messa så er det fordi du og eg er medlemer i Ørsta kyrkjelyd.

Det er heile kyrkjelyden sitt prosjekt, soknerådet har vedteke det, og vi får alle vere med. Så la oss at eit tak, seie ja når vi blir spurt, melde oss til teneste og gjere misjonsmessa til ei inspirasjonssamling og eit lite krafttak for Ørsta kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt i Thailand.
Messa vert som sagt på Kulturhuset laurdag 10.november.
Sjå annonse og orientering i avisa og andre stader.

Matias Austrheim

Bilete frå i fjor:














Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret