Personvern

Personopplysninger

 

Klassisk Julekonsert i Ørsta Kyrkje

Klassisk Julekonsert i Ørsta Kyrkje
Organist Marie Mundal Austrheim og sopran Karen Rosenberg Olsen arrangerer med glede og stoltheit julekonsert i Ørsta kyrkje for sjette år på rad, 21.12.12 klokka 19:30! Dei kan igjen by på kjende og kjære julesongar i nydelege arrangement, majestetisk orgelmusikk samt lidenskapelege tonar frå operaens verd.

Bilete henta frå Karen sin blogg

Karen og Marie har spelt og sunge saman sidan dei var små og starta som fiolinelevar ved musikkskulen, det som no er Ørsta Kulturskule. Fiolintimane og aktivitetane ved musikkskulen opna opp for ei djupare interesse for musikk og etterkvart fann dei sine hoveduttrykk i piano og song. Då dei gjekk på musikklina på vidaregåande byrja dei å ta speleoppdrag i lokalmiljøet og i dag er dei begge høgt utdanna innan musikk og svært aktive innan sine felt. Dei møtast fleire gongar i året for å musisere, men denne konserten er høgdepunktet.

Karen er busatt i Oslo der ho til våren fullfører ei mastergrad i klassisk song ved Barratt Due Musikkinstitutt og tek songoppdrag ved sidan av studiet. Tidlegare i desember flaug ho oppover ein pianist og ein songar for å framføre opera i Aasen-tunet. Ei oppleving som freista til gjentaking, også for dei tilreisande.

Marie er ansatt som organist i Ørsta Kyrkje samt jobbar frilans som musikar i distriktet. På konserten vekslar ho mellom orgel og flygel og publikum kan og gle seg til å få høyre mektige solostykker frå galleriet.

I år har dei med seg ein gjest! Mezzosopran Silje Vatne Heggem har studert saman med Karen i Oslo og ho jobber no frilans som songar. Det å ta med profesjonelle musikarar til Ørsta for å halde konsert er noko som Karen og Marie finn stor glede i, so på denne konserten blir det 2 flotte operarøyster i samklang som fyller kyrkjeromet.

Konserten, som er berre eit par dagar før julaftan vil vere satt saman av musikalske perler og stemningsfull, høgtideleg julemusikk. «O helga Natt» er eit sjølvskrive nummer til ein slik konsert og like så er kjende og kjære julesongar som «Glade Jol» og «Deilig er Jorden». Og sidan dei i år er 2 songarar so kan publikum glede seg til duettar som «Pie Jesu» og «Panis Angelicus» og begge dei sistnevnte kan man kjenne att frå repertoaret til Sølvguttene. På programmet står meir vakker julemusikk samt ei overrasking.

Dei unge kvinnene håper på ei fullsatt kyrkje og gleder seg til å synge og spele jula inn på det som har blitt ein juletradisjon for dei sjølve og publikum.

Vel møtt!



Kirkeleg ressursside:

http://www.kirkenorge.no/




Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640
Faks:70048641

Ørsta kyrkje:700 66354

Meir kontaktinfo.
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kontoret