Personvern

Personopplysninger

 

Møteprotokoll for Vartdal sokneråd Tid: 06. mars 2013 kl. 19:00

Møteprotokoll

for

Vartdal sokneråd

Tid: 06. mars 2013 kl. 19:00

Stad: Vartdal, SAKRISTI VK


Frammøtte:

KJETIL STANDAL Leiar
KIRSTI LIV HÅNES VARTDAL Nestleiar
ARNE MOLTUBAK Medlem
GRETHE RASMUSSEN AARSKOG Medlem
ANNE-GRETE BARSTAD Medlem
INGER JOHANNE FLÅSKJER Medlem
PÅL HEGGESTAD Medlem
AASE IREN AARSKOG Varamedlem
JAN OVE GRAVDAL Varamedlem

Forfall:

DORTEA MÅRSTØL WOLDSUND Medlem
LILLY ANN VARTDAL Medlem

Også til stades: sekretær Liv Karin Sætre Vartdal

Til å skrive under møtebok: Alle som var på møtet

Godkjenning av innkalling og sakliste. Godkjent med fylgjande mrk. Saka om Påskefrukost må takast opp på dette møtet. Konfirmantfesten 18/4 kl. 18.00 var ikkje teke med på Aktivitetskallendaren.

Godkjenning av referat frå møte 16.01.13. Godkjent.

Kjetil Standal las eit vers frå bøneboka, opna og leidde møtet.

Saker handsama på møtet:

vs 7/2013 Fasteaksjonen 19/3

vs 8/2013 Årsmøte 14/4 /årsmelding 2012.

vs 9/2013 Kyrkjelydsfest 17/3

vs 10/2013 Ungdomsarbeid/ Sponsing av Liv kurs

vs 11/2013 Apell ved bautane 17.mai.

vs 12/2013 Påskefrukost 1.påskedag

Vartdal, 06. mars 2013

Kjetil Standal Liv Karin S.Vartdal

Leiar Sekretær

Underskrifter:

Vi stadfestar med våre underskrifter at møtebokens blader, som vi har signert, er ført i samsvar med det som ble bestemt på møtet.

Meldingar og referatsaker:

a. Odd Jarle Osborg skriv: Hjarteleg takk for pengane beløp kr. 2852,00 som vi har mottatt frå Misjonsverkstad v/sjuandeklassingane 20.01.13. til Norges Samemisjon, Hjelp til Kola.

vs 7/2013 Fasteaksjonen 19/3 UTGREIING AU har utarbeidd ein arbeidsplan for årets fasteaksjon (sjå vedlegg)

Soknerådet drøftar praktiske ting og bestemmer kven som gjer kva.

INNSTILLING Forslag frå AU:

Kristin Woldsund vil møte i banken for opptelling. (ho vil bli mint på det )

Inger Johanne Flåskjer kjøper bollar og Rett i koppen sjokol. til bøsseberarane.

Inger Johanne Flåskjer og Dortea Woldsund møter i kyrkja 18.03 for prøving av kapper og utdeling av bøsser.

Inger Johanne Flåskjer og Arne Moltubak møter i kyrkja aksjonsdagen kl.17 for å ta imot bøsseberarane og få sette inn pengane.

MØTEHANDTERING Soknerådet drøfta forslaget frå AU og gjorde visse endringar, sjå endelig vedtak.

VEDTAK Inger Johanne Flåskjer kjøper inn bollar og saft til bøsseberarane.

Inger Johanne Flåskjer og Arne Moltubak møter i kyrkja 18.03. kl. 17.30 for prøving av kapper og utdeling av bøsser.

Inger Johanne Flåskjer og Grethe Rasmussen Aarskog møter i kyrkja aksjonsdagen 19.03. kl.17.00 for å ta imot bøsseberarane og få sette inn pengane.

Kristin Woldsund vil møte i banken for opptelling, Inger Johanne avtaler tidspunkt med henne.

vs 8/2013 Årsmøte 14/4 / årsmelding 2012 UTGREIING Vedlagt fylgjer eit utkast til årsmelding 2012.

INNSTILLING Soknerådet drøftar om der er saker som skal takast opp på årsmøtet.

Soknerådet godkjenner årsmeldinga, eventuelt kjem med merknadar.

Kva tid skal årsmøtet annonserast?

VEDTAK Årsmeldinga vart godkjent utan merknadar.

Årsmøtet vert annonsert 23/3, 3 viker før møtet 14/4.

Saker som skal takast opp på møtet må vere meldt til soknerådet innan 10.april.

vs 9/2013 Kyrkjelydsfest 17/3 UTGREIING Festkomiteen orienterer om planlegginga av festen.

Vi fordeler oppgåver og set opp kakeliste til festen.

MØTEHANDTERING Anne Grete Barstad orienterte om festkomiteen sitt arbeid hittil

VEDTAK Ingeborg Matre held tale på festen.

Frode Sætre tek del med gitar og song.

Anne Grete Barstad bestiller blomster til borda / utlodning.

Dortea Woldsund handlar inn til festen.

Soknerådet gir kvar sin gjenstand til ca. 100 kr.

Pål Heggestad spør Asmund Myklebust etter gevinst.

Liv Karin Vartdal spør på Skipsen etter kolonial/fruktkorg til utlodning.

Coop i Barstadvik har gitt to gevinstar til utlodning.

Liv Karin Vartdal set inn annonse i Møre Nytt torsdagen 14/4.

Soknerådet møter på Samhald kl. 15.00.

Kakeliste:

Dortea: Karamellkake Anne Grete: Rund kake

Inger Johanne: Kvæfjordkake Kjetil: Bollar

Aase Iren: Suksessterte Lilly: Gulrotkake

Pål: Vafler Jan Ove: Kake

Kirsti: Bløtkake Liv Karin: Nøtterullade

Grethe: Eplepaikake

vs 10/2013 Ungdomsarbeid / Sponsing av Liv kurs UTGREIING Kyrkjelyden har fleire ungdomar som har delteke på lokalt leiarkurs i Ørsta. Møre Bispedøme arrangerer vidaregåande leiarkurs og det kan vere aktuelt å sende nokre av dei på dette kurset. Det vil vere behov for økonomisk stønad til dette, kostnadsoverslag vert lakt fram på møtet.

VEDTAK Vartdal sokneråd innvilger inntil kr.4000 pr.deltakar, avgrensa til 3 deltakarar.

Vartdal sokneråd forventar praksis i Vartdal sokn.

vs 11/2013 Apell ved bautane 17.mai. UTGREIING Soknerådet kjem med forslag til apellhaldarar.

INNSTILLING Kjetil Standal spør: Brit Aarseth, Terje Aarset, Anders Romestrand, Rolf Gjøsdal.

vs 12/2013 Påskefrukost 1.påskedag UTGREIING Sak 6/2013 ang.Påskefrukost på gudstenesta 1.påskedag blir tatt opp att til vidare handsaming .

MØTEHANDTERING Soknerådet ser positivt på tiltaket og gjorde fylgjande vedtak

VEDTAK Vartdal sokneråd delegerer Gudstenesteutvalet, Pål Heggestad, Kjetil Standal og Grethe R.Aarskog til dette arbeidet.

Møtet vart avslutta med Fadervår.