Personvern

Personopplysninger

 

Om Tårnagenthelg, Vartdal


 Vel møtt til tårnagenthelg!! 



Tårnagentane har vore eit program
på NRK super, som har gått i juletider.
Du har kanskje sett det?

Tårnagent nettside

Tårnagentene NRK

Kjære 3. / 4.klassing og foreldre/føresette:

Bli med på Tårnagenthelg!

Laurdag 22. og søndag 23. oktober 2016

inviterer vi alle 3.og 4. klassingar som har lyst til å bli Tårnagentar og vere med på Tårnagenthelg i Vartdal kyrkje.

Gjennom helga vil agentane utforske kyrkja og forteljingar frå Bibelen, og dei vil løyse oppdrag og mysterium. Borna bur heime, men vil vere saman i kyrkja laurdag og søndag.

Påmelding: på framsida av denne sida (www.iKyrkja.no) innan 17. okt!

Alle agentane bur heime, men skal vere i lag i kyrkja både laurdag og søndag. Agentane møter i kyrkja laurdag 22. oktober kl. 15:00. Vi held på til kl 19:00. Det kan det vere lurt å ha lommelykt og klede til å vere ei stund utandørs.

Søndag skal det vere gudsteneste kl.11:00, men Tårnagentane skal møte kl.10:00. Kyrkjekaffien er ferdig ca kl 13:00.

Foreldre, søsken, fadrar og alle andre som vil, er hjarteleg velkomne til å vere med på gudsteneste og kyrkjekaffi søndag 23.10 kl.11:00.

For alle

Tårnagenthelga skal vere for alle 3.og 4.klassingar som har lyst! Dersom dykkar barn treng tilrettelegging av noko slag, må de ta kontakt slik at vi i fellesskap kan kome fram til gode løysingar. Tårnagentar skal få mat og vi må vite om nokon er allergisk mot noko. Bruk e-post adressa eller telefonnummeret nedst på sida.

 Foreldrehjelp

For å gjennomføre Tårnagenthelg trengst det hjelp frå foreldre. Nokre må følgje borna på skattejakt rundt i kyrkja, nokre må servere mat, hjelpe til med å øve inn Tårnagentsongen, og kanskje det er ein agent som treng plaster? Har du lyst til å hjelpe til? Foreldre kan også bake ei kake/ lage til frukt fat til kyrkjekaffien. Kryss av i påmeldingsskjemaet, og du vil bli kontakta.

 Påmelding

Påmelding for Tårnagentar, og tilbakemelding om kva føresette kan hjelpe til med skjer på www.iKyrkja.no. På framsida her finn du påmeldinga.

 Helsing frå kateketvikar Caroline Sefu og Arne Moltubak prest.

E-post caroline.sefu@orsta.kyrkja.no

Telefon på kyrkjekontoret: 70048647


Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret