Personvern

Personopplysninger

 

MILK

Hei! Er du klar for MILK?
Du hugsar sikkert konfirmantleiren i vinterferien – sjølv om det er lenge sidan. Har du lyst til å vere med neste år også? Kjenner du nokre av dei som skal vere konfirmantar, og har lyst til å reise på leir i lag med dei?

Då skal du melde deg på MILK!

MILK er eit leiarkurs spesielt laga for dei som vil vere hjelpeleiarar på konfirmantleir. Kurset vert arrangert lokalt, for ungdommar i Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord. Tema som vert tekne opp er mellom anna: samarbeid, kristen tru, identitet og sjølvbilde, korleis vere ein god leiar? Du vil få prøve deg på ulike leiaroppgåver, og du vil heilt sikkert lære meir om deg sjølv og kven du er. Etter kurset vil du få ein attest som er fin å vise til m.a. når du skal søkje sommarjobb. (Mange arbeidsgivarar legg vekt på om du har vore aktiv i fritida, og hatt leiaransvar.)

Kurset har 5 samlingar i haust/vår, praksis som hjelpeleiar på konfirmantleiren i vinterferien, pluss ein MILK-weekend til våren. Kurset er gratis, og alle samlingane er obligatoriske for dei som melder seg på.

Kurskveldane vert kl.18.50-20.50 (passar m buss frå/til Vartdal)  desse dagane:

1: torsdag 27. september

2: torsdag 18. oktober

3: torsdag 15. november

4: torsdag 10. januar

5: torsdag 7. februar

Konfirmantleir 16.-20. februar

MILK-helg 15.-17. mars.

Du melder deg på elektronisk på www.iKyrkja.no innan mandag 3. september.

Helsing leiarane Lisbeth Halse, Sylvia Ulstein, Arne Moltubak og Kristin Vatne.

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret