Personvern

Personopplysninger

 

FØREMIDDAGSTREFFA INVITERER PÅ BUSSTUR

FØREMIDDAGSTREFFA INVITERER PÅ BUSSTUR

Ørstingen Kristian Myklebust og kona Ruth Eva Sollie er nytilsette i Hareid kyrkje. (Foto: Henny Stokseth, Wikipedia)


Føremiddagstreffa i Ørsta startar vanlegvis hausthalvåret med ein busstur den første torsdagen i september. I år har vi gleda av å invitere alle som har tid og høve med gjennom Eiksundtunnelen og ut til Hareidlandet. Turen er open for alle! Arne Ola Grimstad frå Ørsta skal vere turleiar.

Første stopp blir i Hareid kyrkje, der dei nyleg har fått tilsett to nye og unge prestar, ørstingen Kristian Myklebust og kona Ruth Eva Sollie. Éin av dei vil halde ei andakt i kyrkja og er vi heldige, får vi kanskje treffe begge to. Dessutan vil organisten der ute vere med på samlinga i kyrkja. Ho har også sterke røter og familie i Ørsta, og heiter Ida (Henanger) Teige. Vi kan også vente oss å høyre nokre vakre fiolintonar frå Knut Ose sin fiolin. I Hareid kyrkje har vi altså mykje å sjå fram til.

Deretter set bussen kursen til Brandal og Ishavsmuseet, som skal vere det største og flottaste vi har. Ved sidan av ei stor sjøbud som er innreidd som museum, har dei også ei skikkeleg ishavsskute av gamlesorten ståande på land, innebygt i glashus. Det er MS Årvak.

På museet skal vi også få servert middag. Her har ein då sjansen til å velje selgryte, for den som synest det høyrest spennande ut, men ein kan også få servert kjøtkaker. Etter ein kopp kaffi er det klart for andre etappe, om vêret og føtene tillèt det. Då er planen å gå ut til festningsverket som tyskarane bygde på Kvitneset under krigen, ytst mot Breisundet. Det vert kring ein kilometer å spasere på grusveg, så syt for gode sko. Om du ikkje vil vere med å gå, kan du sjølsvsagt vente i bussen eller andre stader.

Etter turen til Kvitneset set vi kursen mot Ørsta igjen. Då har vi høve til å køyre ei litt anna rute på vegen frå Hareid mot Eiksund, og svinge forbi Hjørungavåg og Snipsøyrvatnet. I Ørsta skal vi vere tilbake til kring kl 17.00. Bussturen er open for alle, både yngre og eldre. Vi vonar at mange har lyst til å vere med på denne turen! Vi startar frå Mørebil klokka 09.30.

Påmelding innan laurdag 31. august på mobilnr. 942 942 90 (diakon-Knut). Gi då også beskjed om du vil ha sel-gryte eller kjøtkaker. Bruk helst SMS (tekstmelding) eller ring ev. dette nummeret mellom 20 og 22. Sjå annonse. Kom og ver med du med!!

ALLE ER VELKOMNE!!

Helsing Føremiddagstreff-komiteen
(samarb. mellom kyrkja, frikyrkja og bedehuset)



Ishavsmuseet i Brandal. Her kan vi velje mellom selgryte og kjøtkaker til middag. (Foto: Ishavsmuseet.no)