Personvern

Personopplysninger

 

Kyrkjekonsert med Sondre Bratland og Annbjørg Lien

 Kyrkjekonsert med Sondre Bratland og Annbjørg Lien
Kosert i Ørsta kyrkje komande laurdag 12. oktober klokka 19:30. Pris: sjå annonse.

Konserten –PÅ KYRKJEVEG- er ein konsert som er basert på folketonar og tekster som handlar om folks tilhøve til kykje-og kristenliv og tradisjonar knytt til folks kyrkjegang i sorg og glede.
Sidan midten på nittitalet har Annbjørg Lien og Sondre Bratland framført norske religiøse folketonar og tradisjonsmusikk på mange arenaer, frå små stavkyrkjer til store katedralar i inn-og utland. Samspelet har heile tida utvikla seg, men alltid i truskap mot tradisjonen.

Sondre Bratland har gjennom mange år gjort eit stort innsamlingsarbeid av norsk religiøs songtradisjon, og formidla dette gjennom plateinnspelingar og konsertar.

Annbjørg Lien har utvikla eit nært og spennande lydbilete gjennom sitt akkompagnement på hardingfele og nyckelharpe som står godt til Sondre si særeigne stemme.

I 2010 kom Sondre og Annbjørg med CD`n Alle vegne, som vart nominert til Spellemannspris det året. Konserten byggjer i all hovudsak på den produksjonen.