Personvern

Personopplysninger

 

Snart Lys Våken i Ørsta kyrkje!

 Snart Lys Våken i Ørsta kyrkje!
Hei og hopp til 5. klassingane!

Er du klar for eit spanande døgn i kyrkja?!
No er det klart for påmelding til LysVaken og overnatting i Ørsta kyrkje!
I fjor var 47 femteklassingar med på LysVaken i Ørsta.
Kor mange blir me i år?
Me håper du har lyst til å vere med!


Bilete: Frå Lys Våken i Ørsta kyrkje eit tidlegare år


Kva er LysVaken?

LysVaken handlar om å ikkje berre tenkje på seg sjølv, men å vere vener med kvarandre, med dei me kjenner og dei me ikkje kjenner, og med Gud.

I kyrkja skal me leike og ete i lag, utforske kyrkja vår og den nye bibelboka du har fått, synge og feire gudsteneste. Og me skal overnatte i soveposar på golvet i kyrkja!

 

Når?
Laurdag 23. november kl 1600  til søndag 24. november etter gudstenesta (om lag kl 13).

Kven?
For alle 5.klassingar som har lyst, og mange foreldre som kan hjelpe til.

Kostar det?
Ja, kvar deltakar må betale 100 kr, som dekkjer mat og noko materiell.

Påmelding

Send gjerne påmelding på e-post! Fristen er eigentleg ute, men gjer ikkje så mykje om du no berre raskt hiv deg rundt og melder deg på!

Til foreldra

For at Lys Vaken skal bli ei kjekk oppleving for borna, treng me mange foreldre som kan hjelpe til. Nokre må vere nattevakter når borna skal leggje seg og sove, nokre må lage til og servere mat og vaske/rydde opp etter måltida, og nokre må hjelpe til med pakking og rydding før gudstenesta. Me treng også nokre som kan vere med og hjelpe med andre praktiske oppgåver. Skriv inn i påmeldingsskjemaet kva du kan hjelpe til med!

For alle

LysVaken skal vere for alle 5.klassingar som har lyst. Om dykkar barn treng oppfølging eller tilrettelegging av noko slag, så må de gi oss melding om dette.

Velkomen med påmeldinga di!
Helsing prest Arne Moltubak og kateketvikarane Caroline Sefu og Betty Søvik.
e-post: caroline.sefu@orsta.kyrkja.no