Personvern

Personopplysninger

 

Internasjonalt kvinnetreff treng di hjelp til å strikke lappar

Internasjonalt kvinnetreff treng di hjelp til å strikke lappar

Internasjonalt kvinnetreff treng di hjelp til å strikke lappar

Damene i Internasjonalt kvinnetreff hadde ein idè – dei skulle strikke så mange lapper som dei greidde, og setje dei saman til eit teppe som vart auksjonert bort under TV-aksjonen.

Sjølv om damene møtast ein gang i veka for å strikke, har dei til slutt innsett at dei ikkje kjem til å få teppet ferdig i rett tid. Difor ber dei om hjelp. – Eg ynskjer meg ein strikkedugnad, seier Eli Birkeland. Om alle strikkar ein lapp, får vi fort eit teppe. Får vi for mange, lagar vi berre eit til! 

Det er nokre reglar for lappane. Dei skal vere strikka med pinne nummer 5. 50 maskar og rillestrikk med 50 riller. Garnet bør vere tynt ullgarn som til dømes tynt alpakkaull eller babyull. Sidan temaet for teppet er hav, må fargen ver blå, turkis eller grøn. Lappane kan ein levere på kyrkjekontoret innan 12. okt.